Akershuslandskap i nasjonalt register
7.9.2021 10:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding

Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesser (KULA) er eit register over landskap det knyter seg nasjonale interesser til, etablert på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. KULA-registeret er eit kunnskapsgrunnlag og forvaltningsverktøy for fylke, kommunar og andre styresmakter som påverkar og styrer utviklinga av landskap. Det syner kva for landskap det knyter seg nasjonale interesser til, kva verdiar som finst der og korleis dei bør takast vare på. Frå før er Hordaland, Østfold, Agder, Buskerud og Troms del av registeret.
– KULA-registeret syner landskapsverdiar som bør takast vare på i eit langsiktig perspektiv. Det skal være eit kunnskapsgrunnlag for god planlegging, til dømes i store infrastrukturprosjekt eller byggeprosjekt, seier riksantikvar Hanna Geiran.
KULA-registrering er eit samarbeid med regional kulturminneforvalting, og kommunane er involvert. Landskapa blir registrerte i kulturminnedatabasen Askeladden og i Kulturminnesøk. Landskapa er ikkje freda og har heller ikkje eit formelt vern. Landskapa i KULA-registeret skal kunne utviklast vidare av dei som driv landbruk og næring i områda. Arbeidet med registreringa starta før regionreformen, og registeret er difor basert på den gamle fylkesinndelinga. Med innskrivinga av Akershus er KULA-registeret for Viken fylke komplett.
Akershus
Landskapa i Akershus er varierte. Det er store kontrastar mellom kystlandskapet i indre Oslofjord, dei rike jordbruksbygdene og store skogsområda i innlandet, og i tillegg områda med tett busetnad med byer, tettstader og forstadsbusetnad.
I Akershus inngår desse 16 landskapa i registeret:
Skrukkelia, Hurdal kommune,
Fra Tingvoll til Eidsvoll Verk, Eidsvoll kommune,
Kringler – Hovin, Ullensaker og Nannestad kommuner,
Vormadalen, Nes kommune,
Nestangen, Nes kommune,
Frogner kirkested, Lillestrøm kommune,
Sørumsletta, Lillestrøm kommune,
Bingsfoss i Glomma – Nordre Øyeren, Lillestrøm og Rælingen kommuner,
Skulerud og Skulerudsjøen, Aurskog – Høland kommune,
Tanumplatået og Hornimarka, Bærum kommune,
Semsvannet, Asker kommune,
Gamle Mossevei langs Gjersjøen, Nordre Follo og Ås kommune,
Spro – Svestad, Nesodden kommune,
Kirkebygda, Enebakk kommune,
Heer – Froen – Nordby, Frogn og Ås kommuner,
Kråkstad kirkested, Nordre Follo kommune
KULA – landskap i bruk frå steinalderen og fram til i dag
Dagens landskap er eit resultat av areal- og ressursbruk over tid. Nokre endringar kan føre til tap av kulturhistoriske verdiar, andre kan bidra til å styrke dei. Med god planlegging kan landskapet brukast som ein ressurs i samfunnsutviklinga, slik at vi både tek vare på kvalitetane og vidareutviklar dei i eit langsiktig perspektiv. Spora etter forfedrane våre finst overalt og landskapa fortel historia om Noreg. Dei er ein heilskap av naturgitte og menneskeskapte høve, og samspelet mellom desse. Landskapa har alltid vore i endring, men tempoet og omfanget av endringane aukar no i ein slik grad at viktige verdiar står i fare for å gå tapt. Målet er at KULA-områda til saman skal vise mangfaldet i kulturhistoria. Dei skal syne korleis busetnad, næring og ferdsel har prega landskapet.
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder

Om Riksantikvaren
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Riksantikvaren hyller Norges VM-drakt20.3.2026 15:29:03 CET | Pressemelding
– Jeg blir kjempeglad av å se ett av våre flotte verdensarvsteder representert på den norske landslagsdrakten, sier riksantikvar Hanna Geiran.
Freder kvensk gård med røtter tilbake til 1600-tallet16.3.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
Nergaardhuset på Nedrum gård er et av de eldste i Lyngen kommune, og har vært i kontinuerlig bruk i over 300 år. Nå freder Riksantikvaren gården som et sted av nasjonal verdi.
Nye undersøkelser om gift i gamle bygninger13.3.2026 13:46:23 CET | Pressemelding
Giftfunn i eldre bygninger ble avdekket gjennom rapporten Gift i bygningsvernet tidligere i år. Nå kommer det flere undersøkelser.
Se oversikten: Disse 208 kirkene får tilskudd9.3.2026 06:00:00 CET | Pressemelding
I 2026 kan det utbetalt en halv milliard kroner til kirkebevaring.
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millioner kroner til bygder, byer og næring og industri3.3.2026 09:32:28 CET | Pressemelding
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millioner kroner til prosjekter som vil ta i bruk kulturarven som ressurs i utvikling av kulturmiljø i bygder, byer, næring og industri.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
