SINTEF

Ågot Aakra er SINTEFs nye forskingssjef for bioteknologi og nanomedisin

Del
Kjem frå Folkehelseinstituttet og har lang erfaring innan forsking og leiarstillingar ved NMBU.
Ågot Aakra er forskingssjef for bioteknologi og nanomedisin i SINTEF frå 1. januar 2023. Foto: Folkehelseinstituttet/Simen Gald
Ågot Aakra er forskingssjef for bioteknologi og nanomedisin i SINTEF frå 1. januar 2023. Foto: Folkehelseinstituttet/Simen Gald

Ågot Aakra er i dag områdedirektør for klima og miljø i Folkehelseinstituttet. Ho sit òg i styret for Kompetansesenter for miljø og helse. Aakra er nestleiar i Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitenskap og teknologi (NENT) og sit også i Forskningsrådets referansegruppe for infrastruktur i Horisont Europa.


– Eg gleder meg stort til å starta i SINTEF og avdeling for bioteknologi og nanomedisin. Eg ser på SINTEF som ein svært framtidsretta og løysingsretta organisasjon, som evnar å utvikla og bruka ny kunnskap  for å få til den gjennomgripande omstillinga som heile samfunnet står overfor. Eg  har sjølv gjennom mange år fått delta i  lærerike, gode og samfunnsnyttige samarbeid med SINTEF, seier Aakra.

Ho har lang erfaring frå Noregs Miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), kor ho har både oppnådd ein mastergrad i bioteknologi (1997) og ein ph.d. i mikrobiologi (2000). Etter fullført doktorgrad arbeidde Aakra ved NMBU i 21 år. Fyst som forskar og seinare som senior rådgivar, administrasjonssjef og til slutt som dekan ved Fakultet for kjemi, bioteknologi og matvitskap fram til 2021.

– Vi ønska oss ein ny forskingssjef med lang erfaring både frå forsking og leiing og som hadde klare tankar om kva samfunnet vil trengje av førsteklasses forsking innan fagområda bioteknologi og nanomedisin i åra som kjem. Ågot gav gode og spennande svar på korleis vår avdeling ved hjelp av folk og infrastruktur skal levere den kunnskapen, og eg ser med glede fram til at ho er på plass, seier konserndirektør for SINTEF Industri, Eli Aamot.

Etter ein periode som områdedirektør for klima og miljø i Folkehelseinstituttet kjem Aakra no til SINTEFs avdeling for bioteknologi og nanomedisin, der ho vil få ansvar for om lag 100 medarbeidarar.

Avdelinga er del av instituttet SINTEF Industri og har generisk breidde- og spisskompetanse som det er stor behov for innan område som marin, helse, industri og landbruk –alle er sentrale tema i regjeringas nasjonale plan for bioteknologi. Teknologien er mellom anna brukt innan utvikling av farmasøytika, vaksinar, biomateriale, enzym, mat, fôr, kjemikaliar og energi. Avdelinga har ein sterk posisjon både nasjonalt og internasjonalt.

– Klima-, miljø- og naturkrisene er dei største problema vi hanskast med i dag. Bioteknologi og nanomedisin er teknologiar som er heilt sentrale om me skal klara å handtera utfordringane kloden står overfor når det gjeld mat, helse og energi.  SINTEF har dei beste føresetnadene, trur eg, for å kunna bidra til løysingar: Brei kompetanse, tung eksperimentell verksemd,  framifrå kvalitet i forsking, innovasjon og formidling. Då regjeringa la fram forskingsmeldinga nyleg, kom det ambisjonar om månelandingar. Den eine månelandinga handlar om berekraftig for. Det er vanskeleg å sjå for seg ei slik månelanding utan store bidrag frå SINTEF, seier Ågot Aakra.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Ågot Aakra er forskingssjef for bioteknologi og nanomedisin i SINTEF frå 1. januar 2023. Foto: Folkehelseinstituttet/Simen Gald
Ågot Aakra er forskingssjef for bioteknologi og nanomedisin i SINTEF frå 1. januar 2023. Foto: Folkehelseinstituttet/Simen Gald
Last ned bilde

Om SINTEF

SINTEF
SINTEF
Strindveien 4
7034 Trondheim

40 00 51 00http://www.sintef.no

SINTEF er et av Europas største forskningsinstitutt, med flerfaglig spisskompetanse innenfor teknologi, naturvitenskap og samfunnsvitenskap. SINTEF er en uavhengig stiftelse som siden 1950 har skapt innovasjon gjennom utviklings- og forskningsoppdrag for næringsliv og offentlig sektor i inn- og utland. SINTEF har 2200 medarbeidere fra 80 nasjoner og en årlig omsetning på over fire milliarder kroner.

Visjon: Teknologi for et bedre samfunn
www.sintef.no

Følg pressemeldinger fra SINTEF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra SINTEF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra SINTEF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye