Agder og Buskerud i nasjonalt register
4.2.2021 09:00:00 CET | Riksantikvaren | Pressemelding

KULA-registeret er eit kunnskapsgrunnlag og forvaltningsverktøy for fylke, kommunar og andre styresmakter som påverkar og styrer utviklinga av landskap. Det syner kva for landskap det knyter seg nasjonale interesser til, kva verdier som finnst der og korleis dei bør takast vare på. Frå før er Hordaland, Østfold og Troms allereie del av registeret.
- KULA-registeret fortel om kva for landskapsverdiar vi bør ta vare på i eit langsiktig perspektiv. KULA gir eit kunnskapsgrunnlag for god planlegging, til dømes i store infrastrukturprosjekt eller byggeprosjekt. Det betyr ikkje at landskapa er freda eller har fått eit formelt vern. Landskapa i KULA-registeret skal kunne utviklast vidare av dei som driv landbruk og næring i områda, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Etableringa av KULA-registeret er eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Arbeidet med registreringa starta før fylkesreformen, og registeret er difor basert på den gamle fylkesinndelinga. Utvelging av landskap blir gjort i nært samarbeid med regional kulturminneforvalting (fylkeskommunar og Sametinget) og kommunane blir involvert undervegs i arbeidet. Områda blir lagt inn i den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden, og er tilgjengeleg for publikum på nettsida Kulturminnesøk.
Agder
Agder dekker omkring 5% av Norge. Kyststrekninga mot Nordsjøen og Skagerrak er prega av skjærgård med øyer, holmar og lune viker. Karakteristisk for Agder er dalstroka. Dei strekkjer seg frå høgfjellet i nord og ut til kysten. På indre Agder er det eit mylder av småkuperte heier, bergskjær, myrer, tjern og vatn. I aust møter landsdelen dei østnorske skogsbygdene i Telemark. I vest går landsdelen over i ein vestnorsk landskapstype mot Rogaland.
Totalt er det åtte Agder-landskap med i registeret. Landskapa som inngår i KULA-Agder er:
Njardarheim i Setesdal Vesthei, Rygnestad og Flateland, Valle i Setesdal, Åraksbø, Knaben og Knabeheia, Kjellnes og Hågåsen, Vest-Lista, Innseilingen til Kristiansand
Buskerud
Øvre del dominerast av opne fjellvidder, store innsjøar og lange, skogrike dalføre med bratte åssider. I nedre del av Buskerud finn vi opne og dyrka flatbygder i eit landskap prega av skogkledde åser og store jordbruksareal. Buskerud møter havet i eit skogkledd kystlandskap, med Hurumlandet som er omkransa av Drammensfjorden og Oslofjorden. Heilt siden Hurumlandet blei befolka for 8000–9000 år siden, har menneska her sett sitt preg på omgjevnadane.
Totalt er det 16 Buskerud-landskap med i registeret. Landskapa som inngår i KULA-Buskerud er:
Joleim – Grøte, Stølar i Ål, Leveld, Vassfaret, Bergensbanen og Rallarvegen, Dagali-Seterdalen, Dyregravshalle, Smådøldalen, Uvdal kirkebygd og omegn, Eggedal kirkebygd, Nedre del av Krøderen, Steinssletta – Norderhov, Rollag kirkebygd, Blaafarveværket, Aker – Smørgrav – Berg, Løkkelandskapet i Kongsberg
For Viken fylke har allereie Østfold fylkeskommune ferdigstilt sin KULA-rapport. Rapporten til Akershus fylke vil være ferdig i løpet av 2021.
KULA – landskap i bruk frå steinalderen og fram til i dag
Dagens landskap er eit resultat av areal- og ressursbruk over tid, og dei vil alltid vere i endring. Nokre endringar kan føre til tap av kulturhistoriske verdiar, andre kan bidra til å styrke dei. Med god planlegging kan landskapet brukast som ein ressurs i samfunnsutviklinga, slik at vi både tek vare på kvalitetane og videreutviklar dei i eit langsiktig perspektiv.
Landskapa fortel historia om Noreg. Dei er ein heilskap av naturgitte og menneskeskapte høve, og samspelet mellom desse. Spora etter forfedra våre finnst overalt, i det åpne jordbrukslandskapet, i skog og mark, på fjellet og i byen. Dei har alltid vore i endring, men tempoet og omfanget av endringane aukar no i ein slik grad at viktige verdiar står i fare for å gå tapt.
Målet er at KULA-områdene til saman skal vise mangfoldet i kulturhistoria. Dei skal syne korleis busettnad, næring og ferdsel har prega landskapet.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Øyvind Aase FlugeSeniorrådgjevarRiksantikvaren - Kommunikasjonsenheten
Tel:982 02 735oyvind.aase.fluge@ra.noBilder


Lenker
Om Riksantikvaren
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Riksantikvaren hyller Norges VM-drakt20.3.2026 15:29:03 CET | Pressemelding
– Jeg blir kjempeglad av å se ett av våre flotte verdensarvsteder representert på den norske landslagsdrakten, sier riksantikvar Hanna Geiran.
Freder kvensk gård med røtter tilbake til 1600-tallet16.3.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
Nergaardhuset på Nedrum gård er et av de eldste i Lyngen kommune, og har vært i kontinuerlig bruk i over 300 år. Nå freder Riksantikvaren gården som et sted av nasjonal verdi.
Nye undersøkelser om gift i gamle bygninger13.3.2026 13:46:23 CET | Pressemelding
Giftfunn i eldre bygninger ble avdekket gjennom rapporten Gift i bygningsvernet tidligere i år. Nå kommer det flere undersøkelser.
Se oversikten: Disse 208 kirkene får tilskudd9.3.2026 06:00:00 CET | Pressemelding
I 2026 kan det utbetalt en halv milliard kroner til kirkebevaring.
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millioner kroner til bygder, byer og næring og industri3.3.2026 09:32:28 CET | Pressemelding
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millioner kroner til prosjekter som vil ta i bruk kulturarven som ressurs i utvikling av kulturmiljø i bygder, byer, næring og industri.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
