Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ny kraftleidning skal gi straum til dobbeltspor jernbane mellom Larvik og Porsgrunn

Del
I samband med utbygging av dobbelt togspor mellom Larvik og Porsgrunn, gir NVE løyve til å bygge ein om lag 28 kilometer lang kraftleidning frå Meen i Skien til Dolven transformatorstasjon i Larvik. NVE gjev samstundes løyve til ny koplingsstasjon og omformarstasjon på Solum i Skien, og utviding av transformatorstasjonen på Dolven i Larvik.

Anlegga, som ligg i Telemark og Vestfold, er naudsynte for å gje nok straum til den nye jernbanen som er under bygging. Kraftleidningen vil samstundes sikre stabil og god straumforsyning i Stavern og Larvik.

NVE stiller krav om utarbeiding av ein miljø-, transport- og anleggsplan. Denne planen skal mellom anna sikre at anleggsarbeidet kan gjennomførast på ein mest muleg skånsom måte.

På nve.no kan du lese meir om løyve til den nye kraftleidningen og dei nye stasjonane på Solum.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg, telefon 901 93 008
Sakshansamar: Kristian Marcussen, telefon 22 95 91 86

Fakta:

NVE har gitt løyve til:

  • Om lag 28 kilometer ny kraftleidning frå Meen i Skien kommune via Solum, til Dolven transformatorstasjon i Larvik kommune (Skagerak Nett AS).
  • Ein ny koplingsstasjon på Solum i Skien (Skagerak Nett AS)
  • Ein ny omformarstasjon på Solum (Jernbaneverket)
  • Utviding av Dolven transformatorstasjon i Larvik (Skagerak Nett AS)

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye