Skatteetaten

9 av 10 har no fått skatteoppgjeret sitt

Del

I dag, måndag 22. juni, får om lag 2,2 millionar lønnstakarar og pensjonistar skatteoppgjeret sitt. Med det har i overkant av 4 millionar fått skatteoppgjeret for 2019.

I dag, måndag 22. juni, får om lag 2,2 millionar lønnstakarar og pensjonistar skatteoppgjeret sitt. Med det har i overkant av 4 millionar fått skatteoppgjeret for 2019.
I dag, måndag 22. juni, får om lag 2,2 millionar lønnstakarar og pensjonistar skatteoppgjeret sitt. Med det har i overkant av 4 millionar fått skatteoppgjeret for 2019.

Nær 580 000 av desse har fått restskatt på i snitt 19 600, medan nær 2,6 millionar har fått i snitt 11 200 tilbake.

Dei som har fått skatteoppgjeret sitt til no, er dei som har fått og levert ny skattemelding, og hadde skatt til gode. Ingen med restskatt har fått skatteoppgjeret sitt før i dag, det same gjeld dei som leverte skattemeldinga i gamalt format.

Om lag 370 000 lønnstakarar og pensjonistar har ikkje fått skatteoppgjeret enno, inkludert ektefeller til sjølvstendig næringsdrivande.

Seinare oppgjer for næringsdrivande

For dei som ikkje har fått eller får skatteoppgjeret sitt i dag, er det løpande oppgjer mellom 14. august og 30. november. Det gjeld mellom anna personleg næringsdrivande og deira ektefeller. Næringsdrivande har fått utsett leveringsfrist på skattemeldinga i år til 31. august

- Andre årsaker til at du får skatteoppgjeret seinare kan vere at skattemeldinga di manglar opplysningar, inneheld kompliserte forhold, eller du kan vere tatt ut til kontroll. Du får beskjed når skatteoppgjeret ditt er klart, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten.

Sjekk skattekortet ditt!

Dei fleste får enten pengar til gode eller restskatt. Årsaka er at dei økonomiske forholda dine blei annleis enn det skattetrekket blei berekna til i starten av inntektsåret. Vil du unngå restskatt eller å bli trekt for mykje i framtida er det viktig at du justerer opplysningane dine ved å endre skattekortet.

- Vi ser ein stor auke i endring av skattekorta i år samanlikna med same tid i fjor. Rentenedgangen vi har hatt på grunn av Covid19-situasjonen vil isolert sett føre til restskatt dersom du ikkje endrar skattekortet ditt. Større eller mindre endringar i økonomien din kan resultere i feil skattetrekk om du ikkje justerer skattekortet, seier Gjengedal.

Her kan du endre skattekortet ditt: skatteetaten.no/endre

Du kan framleis endre skattemeldinga di 

Er det noko i skattemeldinga som ikkje stemmer, skal du i dei fleste tilfeller endre dette sjølv ved å levere skattemeldinga på nytt.

- Det kan for eksempel vere at du har gløymd å ta med opplysningar om eigedom i utlandet, eller du oppdagar ein feil eller eit frådrag du skulle hatt med. Dette kan du gjere opp til tre år etter leveringsfristen. Det gjeld også viss du brukte leveringsfritak, seier Gjengedal.

Sjå rettleiar som hjelper deg å endre skatteopplysningar: skatteetaten.no/klage 

Tal 

Fylke

Tal på skattytarar

Skattytarar med til gode

Sum til gode

Skattytarar som må betale

Sum å betale

Agder

217 165

146 348

1 612 641 205

28 512

504 453 153

Innlandet

271 163

182 337

1 763 982 754

37 008

533 313 186

Møre og Romsdal

199 489

134 353

1 567 525 074

26 832

450 060 509

Nordland

184 093

125 482

1 333 042 948

25 502

393 747 310

Oslo

557 452

321 992

4 100 808 532

76 577

2 107 516 458

Rogaland

354 465

221 638

2 677 574 590

53 439

1 068 081 195

Troms og Finnmark

189 465

125 572

1 470 002 796

25 679

390 344 891

Trøndelag

346 899

225 767

2 356 898 813

48 929

799 851 318

Vestfold og Telemark

307 546

203 354

2 098 173 520

43 273

800 617 963

Vestland

475 059

308 268

3 474 244 227

68 666

1 231 917 811

Viken

907 348

581 027

6 449 589 239

135 141

2 952 579 297

Sokkel

39 179

16 419

227 272 661

8 918

128 411 279

Totalt

4 049 323

2 592 557

29 131 756 359

578 476

11 360 894 370

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

I dag, måndag 22. juni, får om lag 2,2 millionar lønnstakarar og pensjonistar skatteoppgjeret sitt. Med det har i overkant av 4 millionar fått skatteoppgjeret for 2019.
I dag, måndag 22. juni, får om lag 2,2 millionar lønnstakarar og pensjonistar skatteoppgjeret sitt. Med det har i overkant av 4 millionar fått skatteoppgjeret for 2019.
Last ned bilde
Du får beskjed når skatteoppgjeret ditt er klart, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten.
Du får beskjed når skatteoppgjeret ditt er klart, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten.
Last ned bilde

Lenker

Om Skatteetaten

Skatteetaten
Skatteetaten
Fredrik Selmers vei 4
0663 Oslo

800 80 000http://www.skatteetaten.no

I Skatteetaten jobber 6500 ansatte mot samme mål; å sikre finansieringen av velferdssamfunnet. Skatteetaten er underlagt Finansdepartementet, og har ansvaret for et oppdatert folkeregister og at skatter og avgifter blir fastsatt og innbetalt på riktig måte.

Følg saker fra Skatteetaten

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Skatteetaten på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Skatteetaten

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom