8,8 millionar til mykje besøkte naturområde

– Fleire av stiane i Noreg som har mange besøkjande og stor attraksjonsverdi, har utfordringar med slitasje på stien, søppelhandtering, sanitærforhold, tryggleik eller behov for informasjonstiltak. I år går 8,8 millionar til å løyse desse utfordringane, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Formålet med tilskotsordninga Nasjonale turiststiar er å vareta den gode naturopplevinga, allemannsretten, natur- og kulturkvalitetane og tryggleiken ved nokon av våre mest besøkte naturområde.
– Det at så mange vil ut i naturen, stiller ekstra krav til tilrettelegging og informasjon på dei mest populære stiane. Vi må redusere slitasje og forsøpling, og bidra til auka tryggleik. Med ordninga Nasjonale turiststiar sørgjer vi for at mange kan besøkje norsk natur utan at det går ut over naturen eller tryggleiken, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.
Gir støtte til 17 turmål
Desse prosjekta får støtte i 2023:
Troms og Finnmark:
- Segla, Senja: kr. 750 000
- Hesten, Senja: kr. 180 000
- Knivskjellodden, Nordkapp: kr. 290 000
Nordland:
- Djeveltrappa, Vågan: kr. 1 000 000
- Svartisleden, Meløy: kr. 361 000
- Festvågtind, Vågan: kr. 150 000
- Reinebringen, Moskenes: kr. 360 000
- Sanna, Træna: kr. 195 000
Møre og Romsdal
- Fosseråsa, Stranda: kr. 860 000
- Romsdalsegga, Rauma: kr. 350 000
Innlandet
- Besseggen, Vågå: kr. 60 000
- Viewpoint Snøhetta, Dovre: kr. 60 000
Vestland
- Nigardsbreen, Luster: kr. 164 000
- Trolltunga, Ullensvang: kr. 1 800 000
Rogaland
- Kjerag, Sandnes: kr. 105 000
- Preikestolen, Strand: kr. 1 125 000
Vestfold og Telemark:
- Gaustatoppen, Tinn og Hjartdal: kr. 1 000 000
Dei autoriserte nasjonale turiststiane er utheva.
– I behandling av søknadene har vi lagt vekt på at tiltaka skal bidra til å ta vare på den gode naturopplevinga, tryggleik og natur- og kulturminne på turmål med sterk attraksjonskraft og svært høge besøkstal. Enkelte prosjekt har fått midlar for å kunne sluttføre arbeid som er påbyrja tidlegare, seier Hambro.
Det er sentralt i ordninga at det ikkje skal leggjast til rette for meir utbygging eller tilrettelegging enn det som er nødvendig for å vareta dei ulike kvalitetane til naturområdet.
Viktig med god besøksforvaltning
Det trengst langsiktig planlegging og god lokal forankring for å handtere mange besøkjande utan at natur- og opplevingskvalitetane ringast.
For å sikre samarbeid og gode løysingar, kan aktørar søkje om tilskot til arbeid med besøksforvaltning gjennom tilskotsordninga Nasjonale turiststiar. Dette er aktørar som destinasjonsselskap, kommunar, fylkeskommunar, kommunale- eller interkommunale føretak, stiftingar, frivillige organisasjonar, nasjonalpark- og verneområdestyrar og regionsråd.
– Det er positivt at stadig fleire søkjar om støtte til arbeid med besøksforvalting, slik at vi sikrar langsiktige og heilskaplege vurderingar som grunnlag for tiltaka. Med ordninga Nasjonale turiststiar blir stadig fleire stiar godt rusta til å ta imot svært mange besøkjande, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Sjå rettleiar:Besøksforvaltning i mykje besøkte naturområde.
Stikulen gir råd om korleis du skal ta vare på den stien du har, eller korleis planleggje og gjennomføre eit stiprosjekt. Her finn du ulike tilretteleggingsmetodar tilpassa terreng og talet på brukarar.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Bilder

Om Miljødirektoratet
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Ulovlig skuterferdsel forstyrrer sårbar natur31.3.2023 09:21:14 CEST | Pressemelding
Vinteren og våren er den mest sårbare tiden for ville dyr og fugler. SNO oppfordrer alle som kjører snøskuter til å sette seg inn i reglene for motorferdsel i utmark.
Ulovleg skuterferdsel forstyrrer sårbar natur31.3.2023 09:21:01 CEST | Pressemelding
Vinteren og våren er den mest sårbare tida for ville dyr og fuglar. SNO oppmodar alle som køyrer snøskuter til å setje seg inn i reglane for motorferdsel i utmark. (Nynorsk)
40 års miljøgift-overvaking viser betring29.3.2023 07:54:06 CEST | Pressemelding
Mengda av enkelte miljøgifter har gått vesentleg ned i norske kystområde. Forbod mot farlege stoff verkar, stadfestar ny rapport.
40 års miljøgift-overvåking viser bedring29.3.2023 07:52:51 CEST | Pressemelding
Mengden av enkelte miljøgifter har gått vesentlig ned i norske kystområder. Forbud mot farlige stoffer virker, bekrefter ny rapport.
Måsar som bråkar? Dette kan du gjere21.3.2023 11:51:21 CET | Pressemelding
Om du har hatt problem med måsar tidlegare, må førebyggjande tiltak gjerast no. Etter hekkinga har starta, er det for seint.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom