Nærings- og fiskeridepartementet

8,6 milliardar til å styrke næringslivet

Del

Regjeringa satsar vidare på grøn vekst og omstilling, og løyver store beløp til mellom anna Grøn plattform, Nysnø, Ocean Space Center og InvestEU.

Næringsminister Iselin Nybø.
Næringsminister Iselin Nybø.

– Forsking og innovasjon i næringslivet er viktig for å skape vekst i økonomien, trygge arbeidsplassar og gode liv i heile landet, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Regjeringa prioriter om lag 8,6 milliardar kroner til næringsretta forsking og innovasjon i 2022. Dette er 3,7 milliardar kroner meir enn da regjeringa tok over i 2013.

Satsar på grøn vekst

I budsjettet for 2022 foreslår regjeringa å vidareføre Grøn plattform, og set av 252,7 millionar kroner for 2022 til ein ny utlysingsrunde. Regjeringa vil med dette leggje til rette for å finansiere fleire grøne prosjekt i åra framover.

– Norsk økonomi treng fleire bein å stå på, og vi vil leggje til rette for grøn vekst og eit berekraftig næringsliv. Grøn plattform er eit viktig tiltak for å sikre lønnsam grøn omstilling, seier næringsministeren.

Regjeringa vil og sette av 900 millionar kroner til ny kapital til selskapet Nysnø Klimainvesteringer.

– Utvikling og kommersialisering av ny teknologi krev tilgang på kapital og kompetanse. Saman med private investorar tilfører Nysnø begge deler. No kan selskapet investere i enda fleire verksemder som arbeider med klimavenleg teknologi, seier Nybø.

Vil starte bygging av Ocean Space Centre

Regjeringa fremmer forslag om ei løyving på 500 millionar kroner til å starte bygging av Ocean Space Centre

– Oppgraderinga av dei marintekniske laboratoria i Trondheim er eit viktig prosjekt for denne regjeringa. Prosjektet er omtala i Granavolden-erklæringa, i regjeringas langtidsplan for forsking og i regjeringas havstrategi. Ved oppstart i 2022 kan Ocean Space Centre stå ferdig i 2028, seier Nybø.

Regjeringa prioriterer EU-programmet Invest EU

For å gje norske verksemder tilgang til lån-, garanti og eigenkapitalordningar frå EU, legg regjeringa opp til brei deltaking i InvestEU-programmet. Programmet er venta å starte frå årskiftet 2021/22 og varar til 2027. I budsjettet for 2022 er det satt av 192 millionar kroner til norsk deltaking.

– Grøn omstilling går utanfor landegrensene, og deltaking i InvestEU vil bidra til å gi norsk næringsliv tilgang til dei same verkemidla som næringslivet i våre naboland. InvestEU er sentralt for det grøne skiftet og omstillinga i europeisk økonomi, seier næringsministeren.

Grøn plattform

  • Regjeringa etablerte Grøn plattform i 2020, og Stortinget løyvde 1 milliard kroner fordelt på tre år frå 2020 til 2022. I RNB 2021 blei Grøn plattform styrkt med 125 millionar kroner, medrekna 25 millionar kroner til sirkulær økonomi.
  • I budsjettet for 2022 foreslår regjeringa å vidareføre Grøn plattform og set av 252,7 millionar kroner for 2022 til ein ny utlysingsrunde.
  • Grøn plattform er ein eigen inngang til verkemiddelapparatet for grøne prosjekt, og utgjer ein felles konkurransearena mellom Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og Siva. Det er også eit etablert samarbeid med Enova.
  • Formålet med ordninga er å skape samfunnsøkonomisk lønnsamt og berekraftig næringsliv som bidreg til grøn omstilling.

Nysnø

  • Nysnø Klimainvesteringer AS vart stifta i desember 2017 som Fornybar AS. Selskapet held til i Stavanger og skal bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom lønsame investeringar, saman med private investorar.
  • Nysnø investerer i unoterte selskap og fond som bidrar direkte og indirekte til reduserte klimagassutslepp. Per september 2021 har Nysnø investert i 12 selskap og 7 fond.
  • Nysnø er førebels tilført 2,4 milliardar kroner. Med ytterlegare 900 millionar kroner i statsbudsjettet for 2022 vil kapitalen auke til 3,3 milliardar kroner.

Ocean Space Center

  • Dagens marintekniske laboratoria på Tyholt i Trondheim er Europas største anlegg innan undervisning, forsking og utvikling av utstyr som brukast i sjøen. Den eldste delen frå 1939 er ein tank for testing av skipsmodellar.
  • Dei siste åra har det vore ei aukande oppdragsmengd innan miljø, akvakultur, offshore vindkraft, autonome fartøy og bruer/tunellar. Laboratoria er viktige bidragsytarar for å få til det grøne skiftet i havnæringane.
  • I budsjettet for 2022 foreslår regjeringa foreslår 500 millionar kroner i oppstartsløyving for bygging av Ocean Space Centre.
  • I november 2018 valde regjeringa løysing for fornying av dei marintekniske laboratoria på Tyholt i Trondheim. Forprosjekteringa i regi av Statsbygg blei ferdig mars 2021. Kvalitetssikring (KS2) blei ferdig mai 2021.

 

InvestEU

  • InvestEU er eit nytt program som samlar og vidareutviklar finansieringsverkemiddel som lån, garantiar og eigenkapital investeringar frå 13 tidlegare rammeprogram og Det europeiske fondet for strategiske investeringar.
  • Deltaking i InvestEU vil bidra til å gi norsk næringsliv tilgang til dei same verkemidla som næringslivet i våre naboland.
  • Noreg har vore med på delar av dette tidlegare gjennom Horisont Europa (Innovfin), der me fekk god utteljing.
  • I budsjettet for 2022 foreslår regjeringa å sette av 192 millionar kroner til ei delvis deltaking i finansieringsprogrammet.
  • EU er ikkje ferdig med utforminga av verkemidlane under programmet. Vilkåra for norsk deltaking er heller ikkje avklart. Det ventes at dette vil bli klarere fram mot oppstart ved årsskiftet 2021/22. Noreg vil når dette er klart ta endeleg stilling til kva delar av programmet me skal delta i.

Bilder

Næringsminister Iselin Nybø.
Næringsminister Iselin Nybø.
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom