Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Malme og Røshol kraftverk

Del
NVE gjev Istad Kraft AS løyve til å bygge Malme og Røshol kraftverk i Fræna kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil produsere om lag 6,2 GWh per år. Dette svarer til straumbruken til 310 husstandar.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Malme og Røshol kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med små effektar for miljø og brukarinteresser.

Utbygginga vil nytte eit fall på 64 meter i Malmeelva. Vassvegen skal bores i øvre del, medan nedre del skal vere nedgraven røyrgate.

For å ta vare på landskap og naturverdiar knytt til Malmeelva, er det sett krav om ei minstevassføring på 140 l/s om sommaren og 90 l/s resten av året. Av omsyn til anadrom fisk i nedre deler av Malmeelva skal det installerast en omlaupsventil i kraftstasjonen.

Med dei fastsette vilkåra, meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser. På bakgrunn av dette gjev NVE løyve til bygging av Malme og Røshol kraftverk.

Les meir om Malme og Røshol kraftverk

Kontakpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Seniorrådgjevar Erik Roland, tlf. 22 95 90 24 / 913 97 771

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye