Posten Norge

Supplyfartøy på frimerke om Norden ved havet

Del
Posten Norge har valt supplyfartøyet M/S “Nordmand Arctic” som motiv for det siste frimerket i serien Norden ved havet.

Den fellesnordiske frimerkeserien har gått sidan 2010. Dei åtte nordiske postselskapa har i 2010, 2012 og i år gjeve ut kvart sitt miniatyrark med felles tema. I 2010 var temaet Livet ved Kysten, i 2012 Livet på havet og i år Skip.

- Motiva skal vise skip som er typiske for sitt land, og for Noreg er det naturleg å knyte frimerket opp mot oljeverksemda. Supplyfartøyet “Nordman Arctic” frå reiarlaget Solstad Offshore i Skudeneshavn er eit godt motivval, seier regiondirektør Janne Skarsbø i Posten.

Saman med Johannes Solstad frå Solstad Offshore avduka ho frimerket i Skudeneshavn onsdag 12. mars.

- Vi tykkjer det er ei stor ære for reiarlaget at Posten har valt eit av våre skip som motiv for sitt nyaste frimerke, seier administrerande direktør Lars Peder Solstad i Solstad Offshore.

Han fortel vidare at Normand Arctic er eit av reiarlagets nyaste og mest miljøvenlege skip, og at det siglar på klimanøytrale vilkår frå BG Group.

Miniatyrarket med frimerket vil være i sal frå måndag 17. mars.

Om Solstad Offshore
Solstad Offshore vart grunnlagt i 1964 som Solstad Rederi AS av kaptein Johannes Solstad i Skudeneshavn. Reiarlaget har framleis hovudkontoret sitt der.

Selskapet har òg kontor i Aberdeen, Rio de Janeiro, Manila, Perth og Singapore, og flåten på 50 skip opererer over heile verda.

Av 1800 tilsette sjøfolk er omlag 900 norske, noko som gjer Solstad til ein av dei viktigaste arbeidsgjevarane for norske sjøfolk i utanriksfart. Reiarlaget feirar i år sitt 50-årsjubileum.

Om skipet på frimerket
Namn:
Normand Arctic
Byggjeår: 2011 Stad/verft:Vard Langstein verft i Tomrefjord
Type: PSV (Plattform Supply Vessel)
Lengd: 94,30m
Breidde: 20,00m

Norden ved havet – Skip

Nummer: NK 1875
Motiv frimerke: Supplyskip
Motiv miniatyrark: Oljeplattforma “Veslefrikk”
Design: Gina Rose
Foto: Harald M. Valderhaug / Solstad Offshore (frimerke), © Roger Hardy / Samfoto (miniatyrark) Verdi: A-Europa (kr 13,00)
Opplag: 125 000 miniatyrark
Trykk: Offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland

Posten Norge AS er et nordisk post- og logistikkonsern som utvikler og leverer helhetlige løsninger innenfor post, kommunikasjon og logistikk i Norden. Konsernet møter markedet med to merkevarer, Posten og Bring. Posten betjener privatkunder i det norske markedet og har ansvaret for daglig postdistribusjon og det landsdekkende salgsnettet med over 1400 salgssteder i Norge. Bring retter seg mot bedriftskunder innen post og logistikk i Norden og består av forretningsområder med ulik spisskompetanse.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Om Posten Norge

Posten Norge
Posten Norge
Biskop Gunnerusgate 14
0185 Oslo

22 03 00 00http://www.postennorge.no

Posten Norge AS er et nordisk post- og logistikkonsern som utvikler og leverer helhetlige løsninger innenfor post, kommunikasjon og logistikk, med Norden som hjemmemarked. Konsernet møter markedet med to merkevarer, Posten og Bring: Posten kjennetegner tilbudet til privatkunden, postkontornettet og den daglige postdistribusjonen til hele det norske folk. Bring retter seg mot bedriftskunder innen post og logistikk i Norden, og består av spesialister med spisskompetanse innenfor hvert sitt område.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye