NVE tilrår løyve til bygging av Tokagjelet kraftverk
NVE si tilråding gjeld omsøkt utbyggingsalternativ, med inntak i Longvotni 357 moh. og avlaup 55 moh. i Steinsdalselva. Kraftstasjonen er planlagd bygd i fjell i området Neteland. I dette området skal det også plasserast eit massedeponi. Kraftverket skal knytast til straumnettet via ein 132 kV kraftleidning fram til eksisterande kraftleidning mellom Samnanger og Øystese.
I den samla vurderinga legg NVE vekt på at kraftverket vil produsere om lag 74 GWh kraft årleg, tilsvarande straumforbruket til 3700 husstandar. Ei utbygging vil soleis kunne gje eit positivt bidrag til den nasjonale satsinga på fornybar energi.
Kraftverket påreknast å gje inntekter til produksjonsselskap og grunneigarar og til Kvam herad i form av skattar og avgifter. Mulege konsekvensar er hovudsakeleg knytt til redusert vassføring på elvestrekninga nedstraums inntaket, og i nokon grad til fysiske inngrep i terrenget. Ålmenne interesser som i ulik grad vil bli påverka er naturmangfald, landskap og opplevingsverdiar, og kulturmiljø og kulturminne. I anleggsfasen vil verknadene vere avgrensa til midlertidig forureining, forstyrring på dyrelivet og ulemper for dei som bur i området. For å redusere dei negative verknadene er det foreslått avbøtande tiltak, t.d. slepp av minstevassføring heile året og omlaupsventil for å hindre at fisk strandar ved eit eventuelt utfall i kraftverket.
NVE meiner ei utbygging av Tokagjelet kraftverk på dei vilkår som er foreslått, vil vere akseptabel i høve til ålmenne og private interesser.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga av Tokagjelet kraftverk.
Dokumenta er tilgjengeleg på NVEs nettstad
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 416 78 203.
Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf. 908 50 206.
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
NVE fastsetter utredningsprogram for reindrift og nett i Finnmark25.6.2025 15:49:53 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har nå fastsatt utredningskrav om reindrift for de 11 vindkraftsakene i Finnmark. Samtidig er det satt krav til hva som må utredes for to kraftledninger i fylket.
NVE gir Bjørøya AS overtredelsesgebyr på tre millioner kroner24.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat gir gebyret til Bjørøya AS for å med forsett ha bygget elektriske anlegg uten nødvendig tillatelse. Dette er en av flere saker det siste året hvor NVE gir gebyr for ulovlig utbygging av kraftnett.
NVE gir 40 nye kraftanlegg status som listeførte kulturminner24.6.2025 08:30:00 CEST | Pressemelding
Med de 40 nye anleggene, er det totalt 270 kraftanlegg som er listeført som kulturminner av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
NVE har konsekvensutredet havvindområder i Norge23.6.2025 11:00:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har i samarbeid med andre fagetater gjennomført en strategisk konsekvensutredning av områder som kan være aktuelle for havvind. Arbeidet skal brukes som kunnskapsgrunnlag for videre beslutninger om utbygging av havvind i Norge. Oppdraget er gjort på bestilling fra Energidepartementet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom