NVE tilrår løyve til Tolga kraftverk
2.7.2015 08:00:00 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Opplandskraft DA står bak søknaden på Tolga kraftverk, som etter planen skal nytte fallet i Glomma gjennom Tolga sentrum. NVE tilrår løyve til alternativ 3B som inneber inntak ved Hummelvoll og utlaup oppstraums Eidsfossen, eit strekke på om lag 12 km. NVE tilrår ikkje utbygging etter alternativa som inkluderer Eidsfossen.
NVE har i den samla vurderinga lagt vekt på at Tolga kraftverk vil gje eit betydeleg bidrag i produksjon av ny fornybar energi, der ein stor del er vinterkraft. Dei mest sentrale problemstillingane knytt til konsesjonsspørsmålet gjeld fisk og fisketurisme. I tillegg er Glomma eit viktig landskapselement igjennom Tolga sentrum og utbygginga påverkar ein av få attverande strykstrekningar i Glomma som ikkje er nytta til kraftproduksjon.
NVE har gjort ei heilskapleg vurdering av planane, konsekvensutgreiingane og høyringsfråsegnene. På bakgrunn av dette rår NVE til fleire avbøtande tiltak, mellom anna for å oppretthalde fiskevandringar og produksjonsområde for fisk og botndyr på eit høgt nivå. Dette inneber mellom anna høgt fokus på effektive fiskepassasjar ved design av kraftverket, større minstevassføring om vinteren, slepp av lokkevann og krav om omlaupsventil. NVE rår vidare til eit fond på 5 millionar kroner til fisk og fisketurisme.
NVE tilrår samstundes at Eidsiva Nett AS og Røros Elektrisitetsverk AS får løyve til å oppgradere eksisterande leidning mellom Tynset og Røros frå 66 kV til 132 kV, samt til å bygge nye Tolga transformatorstasjon. NVE tilrår også løyve til ei 3,8 km lang 132 kV-leidning frå kraftverket og fram til ny transformatorstasjon. Oppgradering av eksisterande nett vil, saman med Tolga kraftverk, gi eit verdfullt bidrag til lokal kraftoppdekking og forsyningstryggleik i eit underskotsområde.
Etter ei samla vurdering meiner NVE at nytten av tiltaka er større enn ulempene, og at kraftproduksjonen veg opp mot ulempene tiltaket fører med seg. Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.
Les meir om tilråding til Tolga kraftverk med nettilknyting, på NVEs nettstad.
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby tlf 416 78203
Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf 908 50206
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE forventer lav magasinfylling de neste månedene3.6.2026 14:36:16 CEST | Pressemelding
De neste månedene forventer NVE at fyllingsgraden i flere norske vannkraftmagasiner blir lavere enn den har vært de siste 30 årene. Hvordan fyllingsgraden utvikler seg avhenger av nedbør og kraftsituasjonen i våre naboland. NVE er ikke bekymret for energiknapphet til vinteren, men vil følge utviklingen tett.
NVE gir konsesjon til solkraftverk i Fredrikstad kommune3.6.2026 12:13:39 CEST | Pressemelding
NVE gir Østfold Energi Solkraft AS tillatelse til å bygge Forsetlundgropa solkraftverk. Anlegget skal etableres på et tidligere massedeponi.
Skred tok hus og naust – no er Skjelbostad sikra mot skred3.6.2026 09:41:18 CEST | Pressemelding
NVE har fullført sikringstiltaka på Skjelbostad i Rauma kommune. Bustader og næringsliv i området er no betre verna mot framtidige skred.
Tre omkom i snøskred – mange snøskredhendelser i vinter til tross for en vinter med lite snø1.6.2026 14:54:01 CEST | Pressemelding
Vinteren 2025–2026 var preget av mindre snø enn normalt og færre store skredsykluser. Likevel førte en vedvarende ustabil snødekkeoppbygning til flere alvorlige hendelser – tre personer mistet livet i snøskred i løpet av sesongen.
Kraftsystemet i 2025: Store endringer gir bedre utnyttelse av nettet, men høyere kostnader21.5.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
I 2025 var kraftsystemet preget av omfattende endringer i både markeds- og driftsløsninger. Det har gitt bedre balanse og frekvenskvalitet, men også økte systemdriftskostnader.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
