Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til ny 132 kV kraftleidning frå Ålfoten til Deknepollen

Del
NVE gjev SFE Nett AS løyve til å byggje ein ny 28 kilometer lang 132 kV kraftleidning frå Ålfoten transformatorstasjon via Rugsundøy i Bremanger kommune, til Deknepollen transformatorstasjon i Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane fylke.

NVE gjev òg løyve til å utvide kapasiteten i Ålfoten og Deknepollen transformatorstasjonar. 


 

Delar av noverande nett er gamalt og må skiftast ut. Det føreligg òg planar om auka forbruk og kraftproduksjon i ytre Nordfjord. NVE meiner leidninga er viktig for å oppretthalde og styrke forsyningsstryggleiken i Måløyområdet, uavhengig av eventuell vindkraftutbygging i området.

Den traseen NVE meiner totalt sett vil gje færrast ulemper for miljøet frå Ålfoten mot Deknepollen, er alternativ 4.0, 4.1, 4.0, 4.3, 4.0 og 1.0 (sjå sakspapira for meir informasjon), og består av om lag 25 kilometer luftleidning og 3 kilometer jord- og sjøkabel. NVE meiner miljøverknadane av leidninga er akseptable.

Kraftleidningen vil for det meste ha god bakgrunnsdekning i skog og terrengformasjonar, medan den i bratt terreng og meir opent landskap vil bli eit synleg inngrep. Særleg vil leidningen bli synleg ved kryssinga via Storøya i Rugsundet, og NVE set difor vilkår om at leidningen skal kamuflerast i dette området. Ved kryssing av Rugsundet via Storøya skal kraftleidningen byggjast med fugleavvisarar for å minke faren for at fugl skal kollidere med linene. 

NVE set krav om utarbeiding av ein miljø-, transport- og anleggsplan for utbygginga.

Les meir om saka.


Kontaktpersoner:
Avdelingsdirektør: Rune Flatby, tlf.: 41 67 82 03
Seksjonssjef: Siv Sannem Inderberg, tlf.: 90 19 30 08

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye