NVE gjev løyve til 132 kV kraftleidning Kvitfossen–Solbjørn
NVE gjev og konsesjon til to nye transformatorstasjonar, Kvitfossen og Svolvær, og løyve til å oppgradere Kleppstad transformatorstasjon i Vågan kommune.
Den nye 101 kilometer lange kraftleidningen skal erstatte eksisterande 66 kV leidning, som er 117 kilometer. Transformatorstasjonane skal erstatte Kvitfossen, Mølnosen og Trollhøgda transformatorstasjonar.
NVE meiner at tiltaka er naudsynte for å sikre strømforsyninga til Lofoten. Tiltaka vil og leggje til rette for ny kraftproduksjon.
NVE legg vekt på at det totalt skal rivast meir 66 kV nett enn kva som skal byggjast nytt. NVE vurderer at val av trasé, samt avbøtande tiltak, vil sørgje for at kraftleidningen vil ha moderate verknader for miljø, arealbruk og allmenne interesser.
NVE gjev i all hovudsak konsesjon til traséalternativ 1.0, men på nokon delstrekningar gjev NVE konsesjon til andre alternativ:
1.4.1 ved Kongsmarka
1.1.1 ut frå Kleppstad transformatorstasjon
1.2 ved Lyngdalsvatnet
1.0.2 ved Slydalen
1.0.3 ved Leknes lufthamn
1.0.4 ved Offersøy
3.0 ved Flakstad/Midtsundstadt
NVE set krav om utarbeiding av miljø-, transport- og anleggsplan. Ved Malnesvika skal kraftleidningen byggjast med fugleavviser over ein omlag to kilometer lang strekning.
For å ta vare på sanddynane ved Midtsundstad, skal markdekket behaldast og leggjast tilbake etter anleggsarbeidet. I tillegg er det sett krav om at dagens 22 kV luftleidning ved Malnesvika og over jordbruksareala på Offersøys, skal leggast som kabel.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef: Siv Sannem Inderberg - 22 95 94 38 / 90193008
Saksbehandler: Anette Ødegård – 22 95 92 69 / 45258978
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
