Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Sykkylven får faresonekart for skred

Del
Sykkylven kommune får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. NVE overleverte karta fredag 22. mai kl.12.00. Dei nye karta viser at snøskred og steinsprang er dei skredtypane som gjev størst utfordring i høve noverande busetnad.
Faresonekart for skred for Sykkylven
Faresonekart for skred for Sykkylven

– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Sykkylven og vi ser at noko av busetnaden ligg innafor faregrensene for skred, fortel Brigt Samdal, regionsjef i NVE.

Det er utarbeidd faresonekart for område på begge sider av Sykkylvsfjorden og frå sørenden av Fitjavatnet og innover Velledalen. Karta er enkle i bruk og tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til éi skredsone. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdera sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Samdal.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verkty saman med andre kartdata.

Rapporten med karta finn du på NVEs nettstad.

Kontaktpersonar i NVE:
Brigt Samdal, regionsjef, mobil: 907 48 238
Yngve Midtun, avdelingsingeniør/geolog, mobil: 409 18 678
Terje Systad, overingeniør/arealplan, mobil: 971 67 025

Bilder

Faresonekart for skred for Sykkylven
Faresonekart for skred for Sykkylven
Last ned bilde

Lenker

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye