Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE gjev løyve til Hilleshamn kraftverk

Del
NVE gjev Hilleshamn Småkraft AS løyve til å byggje Hilleshamn kraftverk i Gratangen kommune i Troms. Kraftverket vil produsere omlag 12 GWh/år. Dette svarar til straumbruken til om lag 600 husstandar.

I vedtaket legg NVE vekt på at ei utbygging av Hilleshamn kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.

Kraftverket er planlagt i Hilleshamnelva, med hovudinntak på kote 380, kraftstasjon på kote 35 og ei regulering av Hilleshamnvatnet. Vassvegen frå inntaket og ned til om lag kote 200 vert lagt i fjell, medan den nedre delen vil gå som nedgraven røyrgate.

NVE meiner at med krav til tunnel i øvre del, slepp av minstevassføring heile året og ei avgrensa regulering av Hilleshamnvatnet, vil tiltaket føre med seg akseptable og relativt små ulemper for landskap, fisk og reindrifta si bruk av området. NVE har fastsett ei minstevassføring på 150 l/s heile sumarsesongen, og 50 l/s resten av året.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser, og gjev difor løyve til bygging av Hilleshamn kraftverk.

Les meir om løyvet til Hilleshamn kraftverk på NVEs nettstad.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/901 98 216
Seniorrådgivar Auen Korbøl, tlf. 22 95 93 44

Lenker

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye