Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å oppgradere kraftoverføringsanlegget til Ofotbanen

Del
NVE gjev Jernbaneverket løyve til å erstatte eksisterande leidning mellom Narvik og Bjørnfjell med ein omlag 32 km lang 30 kV kraftleidning med nye stålmaster. Anlegga ligg i Narvik kommune i Nordland fylke.

På strekninga mellom Rombak og Bjørnfjell vil oppgraderinga innebere at traseen vert utvida med om lag 2,5 meter for å gjere plass til eit ekstra 22 kV trådsett i mastene. Det skal også byggjast sju nye avgreiningar på til saman om lag 5,5 km mellom Rombak og Bjørnfjell.

Oppgraderinga av anlegget vil tryggje kraftforsyninga til Ofotbanen, og samstundes tryggje ein stabil og sikker drift av straumforbruket til stasjonar og signal- og kommunikasjonssystem.


NVE meiner at tiltaket vil gje få nye verknader for allmennheita og naturmangfaldet.


NVE stiller krav om utarbeiding av ein miljø-, transport- og anleggsplan for å ivareta nærmiljø, naturmiljø og samfunnsinteresser, særskild i anleggsfasen.


Les meir.


Kontaktpersonar:
Seksjonssjef: Siv Sannem Inderberg, 90 19 30 08
Sakshandsamar: Katrine S. Berg 22 95 93 27

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye