NVE gjev løyve til ny (420 kV) kraftleidning Trollheim–Viklandet
NVE meiner at leidningen er eit naudsynt tiltak for å kunne tilknytte konsesjonsgjeven ny vindkraftproduksjon i Snillfjordområdet, samstundes som leidningen vil betre forsyningstryggleiken og gje auka overføringskapasitet gjennom Midt-Norge.
Frå Trollheim transformatorstasjon (no Surna transformatorstasjon) til Rennsetvatnet i Sunndal kommune skal den nye 420 kV-leidningen byggjast parallelt på sørsida av dagens 420 kV leidning Klæbu–Viklandet. Noverande leidning vil rivast etter at ny 420 kV leidning er sett i drift.Frå Rennsetvatnet til Viklandet transformatorstasjon vil 420 kV-leidningen byggjast i eksisterande 300 kV-trasé, parallelt på nordsida av eksisterande 420 kV leidning. Det inneber at eksisterande leidning må rivast før den nye 420 kV leidningen vert idriftsett.
Etter NVE si meining er nye ulemper hovudsakleg knytt til anleggsperioden. NVE set krav om utarbeiding av ein miljø-, transport- og anleggsplan for å ta best muleg omsyn til nærmiljø, naturmiljø og samfunnsinteresser, særskild i anleggsfasen.
Les meir om saka på nve.no
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør: Rune Flatby, telefon 41 67 82 03
Seksjonsleiar: Siv Sannem Inderberg, telefon 90 19 30 08
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE stiller nye krav til kraftverkene i Skiensvassdraget19.6.2025 12:01:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har behandlet konsesjonssøknadene til to ulike kraftverk i Skiensvassdraget. Kraftverkene må ta økt hensyn for å bedre fiskevandringen i vassdraget.
NVE gir konsesjon til Seval skog solkraftverk18.6.2025 15:23:04 CEST | Pressemelding
Selskapet Energeia får tillatelse til å bygge Seval skog solkraftverk i Gjøvik kommune. Før solkraftverket bygges, skal planområdet nydyrkes for å tilrettelegge for samdrift mellom energiproduksjon og landbruk.
Ny rettleiar for flaumutrekningar18.6.2025 10:07:20 CEST | Pressemelding
NVE har publisert ei revidert utgåve av rettleiar for flaumutrekningar. Tilrådingane i den nye utgåva er dei same som i tidlegare utgåve, men strukturen er endra og teksten er omarbeida for å betre oppfylle klarspråkprinsippa i NVE.
NVE venter lavere strømpriser i Norge enn i Europa18.6.2025 07:01:27 CEST | Pressemelding
NVE anslår at Norge vil ha et kraftoverskudd de neste tiårene, og at vi stort sett får lavere kraftpriser enn de europeiske landene. NVE forventer at en grønn energiomstilling i Europa vil fortsette, men at den vil gå saktere og blir mer krevende framover. Gasskraft kommer trolig til å spille en sentral rolle i det europeiske kraftsystemet også i 2050.
NVE godkjenner støyundersøkelser ved Tysvær vindkraftverk17.6.2025 10:37:38 CEST | Pressemelding
Tysvær Vindpark AS har søkt om midlertidig fritak fra tiltaksplan for støy for å utføre ulike tester. Målet er å finne årsaken til støyproblemer ved anlegget. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har nå godkjent denne søknaden, men med flere vilkår for gjennomføringen av testingen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom