NVE gjev avslag til Kopperaa vindkraftverk i Nord-Trøndelag
E.ON Wind Norway, branch of E.ON Wind Norway er tiltakshavar for prosjektet. Kopperaa vindkraftverk var planlagd med ein installert effekt på 180 MW. Kraftverket ville produsert omlag 480 GWh/år som tilsvarar straumforbruket til 24 000 husstandar.
NVE har lagt til grunn at verknadane for reindrift er usikre, og meiner området tilseier at føre var-prinsippet bør vektleggast i avgjersla om løyve. NVE har vidare lagt vekt på at tiltaket kan gje verknader for friluftsliv, reiselivsnæring og landskap i eit stort område som i dag er mykje brukt. Kvalitetane er hovudsakleg knytt til urørt natur og fråvære av menneskelege inngrep. NVE har også lagt vekt på at tiltaket gjev grenseoverskridande verknadar og at svenske lokale, regionale og nasjonale myndigheiter går imot prosjektet. Etter NVEs vurdering er ikkje fordelane ved ny, fornybar kraftproduksjon og økonomiske verknadar lokalt store nok til å vege opp for desse ulempene.
Les meir om Kopperaa vindkraftverk på NVEs nettstad.
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 22 95 90 88/416 78 203
Seksjonssjef Arne Olsen, tlf. 22 95 92 27/915 48 387
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
Styrtregn-varsel på høyeste nivå24.7.2025 12:32:36 CEST | Pressemelding
Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut, i samråd med NVE, et varsel om svært kraftig styrtregn på oransje nivå for store deler av Sør-Trøndelag, Vestlandet, Agder og vestlige deler av Telemark, Buskerud og Innlandet. Varselet gjelder torsdag 24. juli. Oransje er det høyeste varslingsnivået som kan føre til alvorlige lokale oversvømmelser, jord- og flomskred
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom