Løyve til Skamdal kraftverk
Skamdal kraftverk vil få ein installert effekt på 2,1 MW og gje ein årleg produksjon på omlag 5,3 GWh.
NVE ga konsesjon til same søkar på delar av utbyggingsstrekninga i 2007. I 2012 vart det fremma nye planar med inntaket lenger opp i elva og ny framføring av vassvegen. Kraftverket vil no få inntak på kote 145 i Skamdalselva og kraftstasjon på kote 3 i Hulbekkbukta.
Sidan 2007 har kunnskapen om det biologiske mangfaldet i tiltaksområdet auka monaleg. I nedre delar av elva er det ei bekkekløft verdsatt opp mot nasjonal verdi, og i midtre del er det flommarkskog med lokal verdi. Ved inntaket er det ei bekkekløft med lokal verdi.
NVE meiner at dei nye planane gjer ein meir skånsam utbygging for biologisk mangfald og landskap. Med fastsett minstevassføring blir det meir vatn i den nedre bekkekløfta, og terrenginngrepa vil i større grad bli knytt til eksisterande infrastruktur i området.
NVE vurderer at ei utbygging i vassdraget er akseptabel i høve til allmenne interesser, og gjev difor løyve til Skamdal kraftverk.
Les meir om Skamdal kraftverk.
Kontaktpersonar:
Sakshandsamer Ingri Guren, tlf 22 95 91 59
Seksjonssjef Øystein Grundt, 22 95 93 89 / 901 98 216
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom