Avslag til Roksetbekken kraftverk
Kraftverket var planlagt i Roksetbekken, som renn ut i Skauga ved Rokset. Kraftverket ville etter planane produsert omlag 5,6 GWh i eit medels år.
NVE meiner at Roksetbekken har stor verd for anadrom fisk, elvemusling og ål. Ei eventuell utbygging ville òg hatt negative konsekvensar for ein viktig flompåverka gråor-heggeskog lokalitet, samt Roksetfossen som er eit viktig landskapselement.
NVE har lagt vekt på at både kommunen, Fylkesmannen og fleire andre påpekar at ein utbygging berre kan skje dersom dei nemnde verdiane ikkje påverkast negativt. NVE meiner at ei utbygging av Roksetbekken kraftverk vil gje store negative konsekvensar for naturmangfaldet, og at aktuelle tilpassingar ikkje vil vere tilstrekkelege for å bøte på desse i naudsynt grad.
NVE vurderer at skader og ulemper for private og allmenne interesser er større enn nytten av tiltaket, og gjev difor ikkje løyve til bygging av Roksetbekken kraftverk.
Les meir om Roksetbekken kraftverk.
Kontaktpersonar:
Overingeniør Joachim Kjelstrup, tlf. 22 95 91 47 / 917 10 966
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at kraftsituasjonen er innenfor det normale7.8.2025 12:33:23 CEST | Pressemelding
NVE forventer at det vil være tilstrekkelig tilgang på kraft gjennom vinteren. Den samlede magasinfyllingen i Norge er omtrent på normalt nivå. Kraftsituasjonen i Sørvest-Norge er også innenfor normalen, selv om magasinfyllingen er lav for årstiden.
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom