Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til ombygging av 66 kV leidning Gomsrud–Gravenfoss

Del
NVE gjev EB Nett løyve til å byggje om leidningen Gomsrud–Gravenfoss ved Sellikdalen, samt løyve til ein mellombels jordkabel i Kongsberg kommune i Buskerud fylke.

NVE meiner det er naudsynt å byggje om kraftleidningen fordi Statens Vegvesen skal byggje ny E134 med bru over Numedalslågen. EB Nett har fått løyve til ein permanent løysing med høgare luftspenn over ei strekning på om lag 500 meter frå teknologiparken, over «Bølgen gangbru» og over ny E134 bru ved Sellikdalen.

Tiltaket inneber å erstatta tre eksisterande master med tre nye. Dei nye mastene i stål vil bli om lag fire meter høgare enn dei gamle, og noko meir synleg. NVE har samstundes gitt løyve til ein om lag 400 meter lang mellombels jordkabel som skal vere i drift når anleggsarbeidet med vegen gjerast.

NVE meiner tiltaket har små verknader for allmennheita og naturmangfaldet. NVE har satt vilkår i konsesjonen om en plan som beskriver korleis anleggsarbeidet skal gjennomførast for å hindre avrenning til Lågen. Denne planen skal godkjennast av NVE.

Les konsesjonsdokumentet, oreigningsløyvet og notatet «Bakgrunn for vedtak».

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef: Siv Sannem Inderberg, 901 93 008
Rådgjevar: Simen Sørlie, 22 95 91 91

Lenker

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye