Fem løyve og to avslag til småkraftverk i Flekkefjord og Kvinesdal
Dei fem kraftverka som har fått løyve vil til saman produsere om lag 40 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 2000 husstandar. Dei to prosjekta som fikk avslag, ville samla gitt om lag 22 GWh/år.
Alle dei tre kraftverka i Kvinesdal kommune ynskte å nytte elva Litleåna mellom Galdalsvatnet og Liknes sentrum i Kvinesdal. Gjemlestad kraftverk får løyve, medan Vatland og Hamrebakken kraftverk får avslag.
Sentrale tema i NVE si vurdering av kraftverka i Kvinesdal kommune har vore friluftsliv, bading, fiske, naturmangfald og samla belastning på Litleåna. NVE har gjeve konsesjon til prosjektet som gjev minst konflikt med ålmenne interesser, og som samstundes vil gi eit godt bidrag til produksjon av fornybar energi.
Etter NVE si vurdering vil tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.
Dei fire prosjekta i Flekkefjord; Furstølåna, Sandvand, Flikka og Selura, er spreidd på ulike stader i kommunen. Alle kraftverka får løyve.
Vatnet Selura i Flekkefjord er allereie regulert. NVE har gjeve løyve til ei regulering som vil betre tilhøva for mellom anna storaure, landbruk, friluftsliv og næringsinteresser.
Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. For å redusere dei negative verknadane for ålmenne interesser er det sett vilkår til kvart prosjekt som har fått løyve, NVE meiner at nytten av tiltaka er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser.
Søkjar Kraftverk Effekt Produksjon
(MW) (GWh)
Vatland kraftverk (SUS) Vatland kraftverk - -
Småkraft AS Gjemlestad kraftverk 6,89 20,3
Kvinesdal kommune Hamrebakkan kraftverk - -
Clemens Kraft AS Furstølåna kraftverk 1,54 4,35
Tinfos AS Sandvand kraftverk 1,48 4,8
Clemens Kraft AS Flikka kraftverk 1,75 6,0
Tinfos AS Selura kraftverk 1,1 4,5
Les meir om kraftverka:
Kontaktpersonar:
Sakshandsamar Tor Carlsen tlf: 22 95 93 93
Sakshandsamar Erlend Støle Hansen tlf: 22 95 98 26
Sakshandsamar Birgitte M.W. Kjelsberg tlf: 22 95 90 32
Seksjonssjef Øystein Grundt tlf: 22 95 93 89 / 901 98 216
Lenker
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Nå blir det enklere å få oversikt over nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging3.9.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Mer detaljert informasjon om nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging i PlanNett, skal gjøre det lettere for berørte aktører å få oversikt – også aktører som tidligere var involvert i kvalitetssikring av utredningene. Ved å synliggjøre hva NVE trenger av informasjon, er håpet at det skal bli enklere for nettselskapene å lage gode utredninger, som igjen bidrar til mer effektiv konsesjonsbehandling.
NVE avviser melding for Lappland kraftverk29.8.2025 12:51:12 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har avvist meldingen om Lappland kraftverk på grunn av manglende framdrift fra tiltakshaver. NVE har over flere år gitt tiltakshaver veiledning om innhold og formkrav til meldingen. Siden en oppdatert og oversatt melding ikke ble levert innen fristen, har NVE konkludert med at vilkårene for videre behandling ikke er oppfylt.
Statnett og Glitre Nett får konsesjon til nye Eiker transformatorstasjon27.8.2025 11:18:11 CEST | Pressemelding
NVE gir Statnett og Glitre Nett tillatelse til å bygge nye Eiker transformatorstasjon i Buskerud. Den skal erstatte Flesaker transformatorstasjon i Øvre Eiker kommune. Den nye transformatorstasjonen vil øke kapasiteten i kraftnettet i området.
Ny flaumsikring vernar bustadfelt mot flaum frå elva Driva22.8.2025 08:56:50 CEST | Pressemelding
NVE har ferdigstilt bygginga av ein ny flaumvoll ved Furu bustadfelt i Sunndal kommune. Tiltaket vernar 40 bustader, tre industribygg og mange uthus og garasjar mot flaum frå elva Driva.
Ny flomsikring langs Kvinda etter ekstremværet Hans20.8.2025 11:27:24 CEST | Pressemelding
Etter store ødeleggelser under ekstremværet Hans i august 2023, står nå et nytt flomsikringsanlegg langs elva Kvinda i Ål ferdig. Tiltaket skal beskytte både infrastruktur og nærliggende områder mot framtidige storflommer.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom