NVE tilrår løyve til kraftforsyning av Johan Sverdrup-feltet
NVE legg til grunn at Stortinget har bestemt at Johan Sverdrup-feltet og felta Gina Krog, Ivar Aasen og Edvard Grieg skal få kraftforsyning frå land seinast innan 2022. NVE meiner det er ledig kapasitet i dagens kraftnett til å forsyne felta med inntil 300 MW frå Kårstø. Etter NVE si vurdering vil verknadane av anlegga vere små for miljø, samfunn og private interesser, under føresetnad av at vilkår om å ta omsyn til natur- og miljø vert følgt opp under anleggsarbeidet.
NVE tilrår at det vert gjeve konsesjon til anlegg som er naudsynt i fase 1 av Johan Sverdrup-utbygginga, som mellom anna omfattar jordkabel frå Kårstø til Haugsneset i Tysvær kommune, ein omformarstasjon på Haugsneset og sjøkablar ut til Johan Sverdrup-feltet. Anlegga i fase 1 vil ha ein kapasitet på omlag 115 MW. NVE tilrår òg at det vert gjeve konsesjon til nokre anlegg for fase 2, då det gir reduserte kostnader og ulemper å byggje anlegga i ein operasjon.
Innstillinga vert sendt til Olje- og energidepartementet for vidare handsaming.
Les meir om saka:
Kraft frå land til Johan Sverdrup-feltet
Kontaktperson:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 416 78 203
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
Styrtregn-varsel på høyeste nivå24.7.2025 12:32:36 CEST | Pressemelding
Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut, i samråd med NVE, et varsel om svært kraftig styrtregn på oransje nivå for store deler av Sør-Trøndelag, Vestlandet, Agder og vestlige deler av Telemark, Buskerud og Innlandet. Varselet gjelder torsdag 24. juli. Oransje er det høyeste varslingsnivået som kan føre til alvorlige lokale oversvømmelser, jord- og flomskred
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom