60 millionar kroner i godsstøtte gir meir gods på bane
22.11.2019 11:14:37 CET | Jernbanedirektoratet | Pressemelding

Fire godstogoperatørar får til saman 60 millionar kroner i statleg støtte for å få meir gods frå veg over på jernbane. – Støtteordninga styrkar togselskap som driv med transportar som er i direkte konkurranse med tungtransport på veg, seier Erik Røhne, administrerande direktør i CargoNet AS, eitt av selskapa som mottek støtte.
– Støtta gir oss eit pusterom i en krevjande situasjon, og moglegheit til å auka tilbodet på dei strekningane vi opererer, fortset Røhne, og legg til at støtteordninga har vore sterkt etterspurt av næringa.
– Vi merker at støtteordninga har bidratt til eit gledeleg stemningsskifte blant godstogoperatørane. Dette er viktig med tanke på å realisera dei store miljøgevinstane som ligg i å få meir av godstransporten over på jernbane, påpeikar Hanne Bertnes Norli, direktør for Marknad og samfunn i Jernbanedirektoratet.
Direktoratet var med i arbeidsgruppa som har utforma støtteordninga for gods på jernbane, og har ansvar for å fordela støtta etter å ha motteke søknader frå godstogoperatørane. I tillegg til CargoNet AS, har Green Cargo AB, Hector Rail AB og Tågåkeriet i Bergslagen AB fått støtte. Til samen søkte dei om 83,5 millionar kroner, medan maksgrensa altså var noko lågare – 60 millionar kroner. Fordelinga mellom dei fire er basert på marknadsdelar.
Støtteordninga - bru over til ei ambisiøs godspakke
Støtteordninga for godstransport på jernbane vart formelt innført i revidert nasjonalbudsjett for 2019 som ei mellombels ordning i inntil tre år. I august vart støtteordninga godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan, ESA. I statsbudsjettet for 2020 har regjeringa foreslått ei ramme på 87,9 millionar kroner i samla støtte til godstogoperatørane.
Grunngjevinga for ordninga er særleg dei miljømessige fortrinna jernbana har som transportform. Støtta skal verka som ein kompensasjon for særlege kostnader godsoperatørane har, og er eit tiltak for å halde oppa nåverande volum og få meir gods på bane ved å styrka selskapa som driv med kombinerte transportar og vognlast. Målet er å styrkt jernbana si konkurranseevne fram til tiltaka i godspakka i Nasjonal transportplan (NTP) 2018-2029 får effekt.
- I NTP 2018-2029 er det lagt til grunn ein godspakke på ca. 18 milliardar kroner for heile planperioden, av dei ca. 5,7 milliardar kroner i første seksårsperiode. I tillegg er det igangsett strakstiltak for gods på bane som inkluderer forlenging av kryssingsspor og mindre terminaltiltak. Godstiltaka beskrive i NTP 2018–2029 er berekna å gje reduserte utslepp frå veg på 123 000 tonn CO2-ekvivalentar per år, og til god sikkerheit og mindre trengsel på vegane, seier Hanne Bertnes Norli i Jernbanedirektoratet.
For ytterlegare informasjon, kontakt:
- Seksjonssjef Sefrid Line Jakobsen, tlf. 913 75 246.
- Kommunikasjonssjef Svein Horrisland, tlf. 916 55 155
Bilder

Om Jernbanedirektoratet
Jernbanedirektoratet skal utvikle jernbanen i Norge som del av det samlede transportsystemet i dag og i fremtiden.
Følg pressemeldinger fra Jernbanedirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Jernbanedirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Jernbanedirektoratet
Ny rapport: Nord-Norge, Nord-Sverige og Finland mangler kompetansen som trengs for fremtidens beredskap og vekst18.8.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Et nytt nordisk initiativ, Arctic Mobility, foreslås for å styrke kompetanse, forskning og utdanning innen transport, logistikk og infrastruktur i nord.
SJ Norge har Norges mest fornøyde kunder30.6.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Passasjerene som reiser med SJ Norges regiontog i Trøndelag og fjerntog i Nord-Norge er landets mest fornøyde kunder.
Stabilt fornøyde passasjerer på Bergensbanen30.6.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Utviklingen i tilfredshet blant passasjerene som reiser med Vy Vest lokaltog på Vestlandet og Bergensbanen er stabil.
Redusert passasjertilfredshet i andre kvartal30.6.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Passasjertilfredsheten på Sørlandsbanen har gått ned i andre kvartal sammenliknet med i fjor, viser en ny måling fra Jernbanedirektoratet.
Togtilbudet – tilfredsheten holder seg stabil blant passasjerene på Østlandet30.6.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Kundetilfredsheten på blant togpassasjerene på Østlandet er stabil, sammenlignet med i fjor.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
