Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Farmannåga kraftverk

Del
NVE gjev Småkraft AS løyve til å byggje Farmannåga kraftverk i Rana kommune i Nordland. Kraftverket vil produsere omlag 7,6 GWh årleg. Det svarar til straumbruken til 400 husstandar.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Farmannåga kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.

Kraftverket er planlagt i Farmannåga, med hovudinntak omlag ved kote 260 og kraftstasjon ved kote 10. Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen skal vere nedgraven røyrgate. NVE har vurdert tiltaket til å medføre akseptable og relativt små ulemper for naturmiljøet NVE legg vekt på konsekvensane for reindrift og meiner det er nødvendig med et samarbeid mellom søker og reinbeitedistriktet i planleggings- og byggefase.

NVE har fastsett ei minstevassføring på 30 liter i sekundet om sommaren og 10 liter i sekundet om vinteren. NVE meiner at minstevassføringa i stor grad vil ta vare på naturmiljøet. Med den nye løysningen for vassveg som blei presentert i planendringane meiner NVE at konsekvensane vil være akseptable.

NVE vurderer at i sum er nytten av tiltaket større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Farmannåga kraftverk på fastsette vilkår.

Fylkesmannen i Nordland har fremja motsegn til prosjektet. Avgjersla om å gje løyve vil difor bli sendt til Olje- og energidepartementet for klagehandsaming etter at klagefristen har gått ut.

Les meir om Farmannåga kraftverk.

Kontaktperson:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye