Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Skinnellåna kraftverk

Del
NVE gjev Småkraft AS løyve til å byggje Skinnellåna kraftverk i Eigersund kommune i Rogaland. Kraftverket vil produsere omlag 17 GWh årleg. Det svarar til straumbruken til 850 husstandar.

I vedtaket legg NVE vekt på at ei utbygging av Skinnellåna kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.

Kraftverket er planlagt i Skinnellåna, med hovudinntak omlag ved kote 450 og kraftstasjon ved kote 173. Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen skal delvis gå i tunell og nedgraven røyrgate. NVE har vurdert tiltaket til å medføre akseptable og relativt små ulemper for naturmiljøet. NVE har fastsett ei minstevassføring på 50 liter i sekundet heile året. NVE meiner at minstevassføringa i stor grad vil ta vare på naturmiljøet.

NVE har lagt betydelig vekt på det vanskelige terrenget med lausmasser og sidebratthet i den gamle ferdavegen. NVE vil ikkje gi løyve etter vassressursloven til at vegen byggas kraftigare enn kva kommunen har gitt løyve til. Med vassveg i tunell som skissert i revidert alternativ og utan løyve til bygging av veg til inntak meiner derimot NVE at tiltaket har akseptable konsekvensar for landskapet.


NVE vurderer at i sum er nytten av tiltaket større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Skinnellåna kraftverk på fastsette vilkår.


Les meir om Skinnellåna kraftverk.


Kontaktperson:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye