Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Omgjering av løyve til ny kraftleidning i Bremanger

Del
NVE gjer om løyvet av 8. oktober 2014 for ein 132 kV kraftleidning frå Hennøy transformatorstasjon til Svelgen transformatorstasjon i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane.

I staden for traséalternativ 1.0 som fekk løyve 8. oktober gjev NVE løyve og oreigning til at SFE Nett kan byggje og drive ein ny omlag 8,5 kilometer lang 132 kV kraftleidning etter traséalternativ 1.5 mellom dei to stasjonane. Denne traséen går lenger nord enn alternativ 1.0.

Det er etter NVE si vurdering, lite skilnad i negative verknader mellom dei to alternativa.
Etter å ha vurdert mottatt klage meiner NVE at traséalternativ 1.5 bør få løyve.

Sjå dokument i saka og kart over traséane

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf.: 41 67 82 03
Sakshandsamar Matilde Anker, tlf.: 22 95 98 90

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye