Løyve til Grovlia kraftverk
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Grovlia kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon og har avgrensa negative miljøeffektar, samt at brukarinteresser blir ivaretekne.
Kraftverket er planlagt i Grovlielva, med inntak ved kote 171 og avlaup ved kote 26. Det er og søkt om å regulere Grovlivatnet mellom kote 180,0 og kote 179,2 tilsvarande Åfjord kommunes regulering til drikkevatn. Det føreligg avtale med kommunen om en felles bruk av Grovlivatnet til kraftproduksjon og som drikkevasskjelde. Ei regulering av Grovlivatnet mellom kote 180,0 og kote 179,2 vil, etter NVE sitt syn, ikkje ha vesentlige konsekvensar for miljø- og landskapsverdiar knytt til innsjøen.
Ei reduksjon av reguleringa med 20 cm vil, etter vårt sitt syn, og ivareta omsynet til drikkevatn. NVE har og fastsett ei minstevassføring i Grovlielva på 40 l/s heile året. NVE meiner at minstevassføringa i stor grad vil ta vare på naturmiljøet.
NVE vurderer at i sum er nytten av tiltaket større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Grovlia kraftverk med regulering av Grovlivatnet mellom kote 180,0 og kote 179,4.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt: tlf. 901 98 216
Sakshandsamar Eirik Bjørkhaug: tlf. 22 95 93 66
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom