Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE tilrår løyve til vidare utbygging av Hemsilvassdraget

Del
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje E-CO Energi AS løyve til å byggje Hemsil 3 kraftverk i Hemsilvassdraget i kommunane Gol og Hemsedal i Buskerud. Samla årleg produksjon blir på mellom 48 og 91 GWh, noko som svarer til straumbruken til mellom 2400 og 4550 husstandar.

NVE meiner at utbygginga er eit viktig bidrag til fornybar kraftproduksjon, og at ho har avgrensa miljøeffektar. Kraftstasjonen skal byggjast i fjell nær dagens Hemsil 2 kraftstasjon. Vatnet vil førast i tunell frå Eikredammen i Hemsedal kommune og ha utløp i Hallingdalselva, likt med dagens Hemsil 2 kraftverk. Tunellmassane skal lagrast dels i tidlegare etablerte tippområde og dels i nye tippar.

NVE tilrår og at E-CO Energi AS får løyve til å utvide eksisterande koplingsanlegg øst for Gol sentrum med eit felt.

Den planlagde utbygginga vil redusere vassføringa i Hemsil nedstrøms Eikredammen. Men med innføring av tilstrekkeleg minstevassføring, noko som tidlegare ikkje har vore kravd for denne elvestrekninga, og med god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for miljø og landskap vere akseptable.

NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene.

Les meir om Hemsil 3 på nve.no


Kontaktpersonar
Carsten Stig Jensen, seksjonssjef, tlf. 908 50 206
Rune Flatby, avdelingsdirektør, tlf. 416 78 203

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye