Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å Stokkfjellet vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting

Del
NVE gjev TrønderEnergi Kraft AS løyve til å byggje og drive Stokkfjellet vindkraftverk i Selbu kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket kan produsere over 250 GWh per år ved ei full utbygging, noko som svarar til straumbruken til omlag 12 500 husstandar.

NVE gjev samstundes TrønderEnergi Kraft AS løyve til å byggje og drive ein om lag 29 kilometer lang 132 kV kraftleidning mellom Stokkfjellet vindkraftverk og Nea transformatorstasjon for å knyte vindkraftverket til eksisterande nett.
Stokkfjellet vindkraftverk ligg i Selbu kommune, og leidningen går i gjennom kommunane Selbu og Tydal. Alle tiltaka ligg i Sør-Trøndelag fylke.

NVE har lagt vekt på at planområdet er godt eigna for vindkraftproduksjon. Etter NVE si vurdering er dei samla fordelane ved etableringa av Stokkfjellet vindkraftverk større enn ulempene tiltaket fører med seg.

Vindkraftverket, som har ei installert effekt på 90 MW vil bidra til at Noreg kan fylle plikter knytt til EUs fornybardirektiv. 

Dei viktigaste verknadane av tiltaket er etter NVEs vurdering knytt til visuelle verknader for landskap, friluftsliv, hytter, naturmangfald og reindrift. Etter NVEs vurdering er det sannsynleg at vindkraftverket vert realisert med vesentleg færre vindturbinar enn det som er lagt til grunn i konsesjonssøknaden. NVE legg til grunn at dette vil redusere verknadane.

NVE gjev samstundes TrønderEnergi Kraft AS løyve til å knyte Stokkfjellet vindkraftverk til det eksisterande nettet med ein 132 kV kraftleidning frå Stokkfjellet transformatorstasjon til Nea transformatorstasjon i traséalternativ 1. Leidningen består av ein omlag 29 kilometer lang luftleidning og ein omlag 400 meter lang jordkabel som innføring til Nea transformatorstasjon. Leidningen vil gå parallelt med eksisterande 420 kV og 132 kV leidningar. I Nea transformatorstasjon får TrønderEnergi Kraft løyve til å byggje eit nytt brytarfelt og samleskinne. NVE sett krav om at TrønderEnergi Kraft skal ta særskilt omsyn til reindrifta si bruk av områda der traseen går i Tydal kommune. NVE meiner at tiltaket samla vil gje små verknader for allmennheita og naturmangfaldet.

NVE stiller krav om utarbeiding av ein miljø-, transport- og anleggsplan for å ivareta nærmiljø, naturmiljø og samfunnsinteresser særskild i anleggsfasen.

Les meir om løyve til kraftleidning

Les meir om løyvet til Stokkfjellet vindkraftverk

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør: Rune Flatby, 41 67 82 03
Sakshandsamar for vindkraft: Arne Olsen, 22 95 92 27
Sakshandsamar for kraftleidningen: Solveig Willgohs, 22 95 92 45

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye