Tilrår løyve til bygging av Leikanger kraftverk
I den samla vurderinga legg NVE vekt på at kraftverket vil produsere omlag 160 GWh kraft årleg, noko som svarar til straumbruken til omlag 8000 husstandar. Ei utbygging vil soleis kunne gje eit betydeleg bidrag til den nasjonale satsinga på fornybar energi.
NVE si tilråding legg til grunn utbygging etter alternativ C som inneber regulering av Store Trastadalsvatn og overføring av Henjaelvi til Grindselvi på 530 moh. Kraftstasjonen er planlagt bygd i fjell ved Suppam med avlaup til Sognefjorden. Kraftverket skal knytast til straumnettet via ein 132 kV kraftleidning til transformatorstasjon på Seljevollen i Grindsdalen.
Mulege konsekvensar er knytt til redusert vassføring på dei strekningane som skal regulerast, varierande vasstand i magasinet, og fysiske inngrep i terrenget. Ålmenne interesser som i ulik grad vil bli påverka er landskap, friluftsliv, kulturmiljø og kulturminner, og fisk og anna naturmangfald. Mange av høyringsinstansane er opptekne av at drikkevassforsyninga i kommunen, som nyttar Henjaelvi som kjelde, ikkje vert forringa. For å redusere dei negative verknadene er det foreslått avbøtande tiltak, som til dømes slepp av minstevassføring heile året, og restriksjonar på bruken av magasinet for å sikre tilstrekkeleg vassreserve til andre eksisterande vassuttak. Inntaket til det kommunale vassverket må flyttast oppstraums kraftverksinntaket.
NVE meiner ei utbygging av Leikanger kraftverk etter alternativ C, på dei vilkår som er foreslått, vil vere akseptabel i høve til ålmenne og private interesser.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga av Leikanger kraftverk.
Les meir om Leikanger kraftverk på nve.no.
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 22959088
Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf. 22959290
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gjev avslag til å bygge Døvik 2 kraftverk12.9.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE avslår søknaden frå Hydronor AS om løyve til å bygge Døvik 2 kraftverk i Strand kommune i Rogaland fylke. Kraftverket ville ført til arealbeslag og store terrenginngrep i ei kystmyr og i den utvalde og sterkt trua naturtypen kystlynghei.
Nå blir det enklere å få oversikt over nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging3.9.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Mer detaljert informasjon om nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging i PlanNett, skal gjøre det lettere for berørte aktører å få oversikt – også aktører som tidligere var involvert i kvalitetssikring av utredningene. Ved å synliggjøre hva NVE trenger av informasjon, er håpet at det skal bli enklere for nettselskapene å lage gode utredninger, som igjen bidrar til mer effektiv konsesjonsbehandling.
NVE avviser melding for Lappland kraftverk29.8.2025 12:51:12 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har avvist meldingen om Lappland kraftverk på grunn av manglende framdrift fra tiltakshaver. NVE har over flere år gitt tiltakshaver veiledning om innhold og formkrav til meldingen. Siden en oppdatert og oversatt melding ikke ble levert innen fristen, har NVE konkludert med at vilkårene for videre behandling ikke er oppfylt.
Statnett og Glitre Nett får konsesjon til nye Eiker transformatorstasjon27.8.2025 11:18:11 CEST | Pressemelding
NVE gir Statnett og Glitre Nett tillatelse til å bygge nye Eiker transformatorstasjon i Buskerud. Den skal erstatte Flesaker transformatorstasjon i Øvre Eiker kommune. Den nye transformatorstasjonen vil øke kapasiteten i kraftnettet i området.
Ny flaumsikring vernar bustadfelt mot flaum frå elva Driva22.8.2025 08:56:50 CEST | Pressemelding
NVE har ferdigstilt bygginga av ein ny flaumvoll ved Furu bustadfelt i Sunndal kommune. Tiltaket vernar 40 bustader, tre industribygg og mange uthus og garasjar mot flaum frå elva Driva.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom