Tilråding til OED og løyve til nye vasskraftverk og ny kraftleidning i Hordaland
Samla årleg produksjon for dei kraftverka NVE gjev løyve til eller tilrår konsesjon til er omlag 138 GWh, noko som svarar til straumbruken til 6 900 husstandar. NVE legg vekt på at dei seks kraftverka som har fått løyve eller positiv tilråding, samla sett er eit viktig bidrag til fornybar kraftproduksjon.
Tilrådingar og løyve
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje løyve til bygging av Kvernhuselva, Skromme, samt Bordalen kraftverk etter alternativ 2 eller 3. Kraftverka er alle elvekraftverk utan reguleringar eller overføringar. NVE rår også til at Sunnhordland Kraftlag AS får løyve til å byggje ein omlag 26 kilometer lang 66 kV luftleidning frå Rullestad via Tøsse til Blåfalli, med ny transformatorstasjon i Rullestad og utviding av Blåfalli III koplingsanlegg. Den nye leidningen vil erstatte eksisterande 22 kV leidning mellom Rullestad og Glåmo. Vidare gjev NVE løyve til bygging av Håfoss småkraftverk i Fjæra og Ripelselva og Hetleflåt småkraftverk på sørsida av Åkrafjorden.
Fråråding og avslag
NVE rår i frå utbygging av Rullestad 2 kraftverk og utbygging av Bordalen kraftverk etter alternativ 1 og gjev avslag til Miljateig/Skålnes småkraftverk. NVE meiner at desse kraftverka ikkje bør byggjast av omsyn til landskap, turisme, reiseliv og viktige, urørte områder for friluftsliv i Etnefjella. Dersom desse kraftverka ikkje vert bygd meiner NVE at dei samla verknadane for miljø og landskap av dei andre kraftverka og kraftleidningen vil bli akseptable.
NVE vurderer at fordelane av tiltaka i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene.
Les meir om kraftverka i Rullestad og Skromme
Les meir om Ripelselva kraftverk
Les meir om Hetleflåt kraftverk
Les meir om Miljateig/Skålnes kraftverk
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 416 78 203
Seksjonsleiar Carsten Stig Jensen (vassdragskonsesjon), tlf. 908 50 206
Seksjonsleiar Øystein Grundt (småkraftverk), tlf. 901 98 216
Seksjonsleiar Siv Sannem Inderberg (nettkonsesjon), tlf. 901 930 08
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
Styrtregn-varsel på høyeste nivå24.7.2025 12:32:36 CEST | Pressemelding
Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut, i samråd med NVE, et varsel om svært kraftig styrtregn på oransje nivå for store deler av Sør-Trøndelag, Vestlandet, Agder og vestlige deler av Telemark, Buskerud og Innlandet. Varselet gjelder torsdag 24. juli. Oransje er det høyeste varslingsnivået som kan føre til alvorlige lokale oversvømmelser, jord- og flomskred
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom