Løyve til Gjerdelva kraftverk
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Gjerdelva kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar, og at brukarinteresser blir ivaretekne.
Kraftverket er planlagt i Gjerdelva, med hovudinntak omlag ved kote 587 og kraftstasjon ved kote 35. Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen skal vere ein kombinasjon av tunnel og nedgraven røyrgate. Inntaket er planlagt veglaust. NVE legg vekt på at alle tekniske installasjonar skal tilpassast landskapet best mogeleg.
Det er i liten grad registrert raudlista artar og naturtypar i området, og NVE har vurdert tiltaket til å medføre små negative ulemper for naturmiljøet. NVE har fastsett ei minstevassføring på 130 liter i sekundet i sommarsesongen og 30 liter i sekundet resten av året. NVE meiner at minstevassføringa i stor grad vil ta vare på naturmiljøet. Minstevassføringa vil og dempe ulempene for vassforsyninga, landskap og friluftsliv.
NVE set vidare vilkår om at reinbeitedistriktet blir teke med på råd i forkant av, og under ein, eventuell utbygging, slik at anleggsarbeidet kan tilpassast reindrifta sin arealbruk.
NVE vurderer at i sum er nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Gjerdelva kraftverk på fastsette vilkår.
Les meir om Gjerdelva kraftverk
Kontaktpersonar:
Avdelingsingeniør Henrik Langbråten, tlf. 22 95 94 18
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
Styrtregn-varsel på høyeste nivå24.7.2025 12:32:36 CEST | Pressemelding
Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut, i samråd med NVE, et varsel om svært kraftig styrtregn på oransje nivå for store deler av Sør-Trøndelag, Vestlandet, Agder og vestlige deler av Telemark, Buskerud og Innlandet. Varselet gjelder torsdag 24. juli. Oransje er det høyeste varslingsnivået som kan føre til alvorlige lokale oversvømmelser, jord- og flomskred
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom