Løyve til å Innvordfjellet vindkraftverk og nettilknyting Innvordfjellet - Daltrøa
Innvordfjellet vindkraftverk ligg i Flatanger kommune, og leidningen går i gjennom Flatanger, Namdalseid og Namsos kommunar. Alle tiltaka ligg i Nord-Trøndelag fylke.
NVE har lagt vekt på at planområdet er godt egna for vindkraftproduksjon, og Innvordfjellet vindkraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon. Etter NVE si vurdering er dei samla fordelane ved etableringa av Innvordfjellet vindkraftverk større enn ulempa tiltaket fører med seg.
Vindkraftverket kan produsera inntil 342 GWh ved ei full utbygging. Det svarar til straumbruken i 17 000 husstandar.
Dei viktigaste negative verknadane av tiltaket er etter NVE si vurdering knytt til visuelle verknader, både åleine og sett i samanheng med anna vindkraftutbygging i regionen. Kraftverket kan òg ha negative verknader for kulturminner og lokalt friluftsliv.
NVE gjev samstundes NTE Nett AS løyve til å knyte Innvordfjellet vindkraftverk til det eksisterande nettet med ein 66 kV kraftleidning frå Innvordfjellet transformatorstasjon til Daltrøa transformatorstasjon i trasé 1a (sjå søknad). Overføringa består av ein om lag 30 km lang luftleidning, og ein om lag 4 km lang sjøkabel frå Hoddøya til Otterøya.
NTE Nett AS får og løyve til å byggje ein ny koplingsstasjon på Solheim i Namsos kommune. NVE sett krav om at NTE Nett skal utføra avbøtande tiltak ved bustadane i Halsvegen for å redusere berekna magnetfeltverdiar. NVE meiner at tiltaket elles vil gje små verknader for allmennheita og naturmangfaldet.
NVE stiller krav om utarbeiding av ein miljø-, transport- og anleggsplan for å ivareta nærmiljø, naturmiljø og samfunnsinteresser, særskild i anleggsfasen, for begge prosjekta.
NVE stadfestar at Statkraft Agder Energi (SAE) Vind AS har varsla avslutning av vidare planlegging av Breivikfjellet vindkraftverk i Namdalseid og Namsos kommunar.
Les meir om Innvordfjellet vindkraftverk
Les meir om løyvet til NTE Nett AS
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør: Rune Flatby, 41 67 82 03
Sakshandsamar for vindkraft: Hilde Aass, 22 95 98 85
Sakshandsamar for kraftleidningen: Solveig Willgohs, 22 95 92 45
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
Rekordmye snø på Svartisen i Nord-Norge, men brefrontene fortsetter å smelte tilbake i hele landet2.12.2025 10:51:21 CET | Pressemelding
Årets bremålinger fra NVE viste mye snø på breene i Nord-Norge vinteren 2024/2025. Den varme sommeren både i nord og sør i 2025 førte likevel til stor bresmelting, og de fleste breene i landet ender med et masseunderskudd. I Det Internasjonale Breåret 2025 viser målinger at også brefrontene i Norge fortsetter å smelte tilbake. På Austerdalsbreen i Sogn førte kalving til 300 meter tilbakegang.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
