Løyve til Jordalen kraftverk
Jordalen kraftverk er planlagt i elva Jordalselvi. I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Jordalen kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar, og at brukarinteresser blir ivaretekne.
Ved Jordalselvi er funne bekkekløft og bergvegg med regional verdi, og beiteskog med lokal verdi. Det er registrert fuktkrevjande raudlisteartar i begge bekkekløftene. I avgjerda har NVE lagt vekt på at minstevassføringa blir satt høg nok sommartid til at dei negative verknadene for desse fuktkrevjande områda vert avbøta.
Ei utbygging vil òg ha verknader for padlarar som brukar dei meir krevjande områda i elva. NVE sett difor krav om produksjonsstans på dagtid i Ekstremsportveko og ei helg elles i året, der tid vert fastsatt i samråd med Voss Kajakk Klubb.
NVE vurderer at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og ålmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Jordalen kraftverk på nærare fastsette vilkår.
Les meir om Jordalen kraftverk.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Overingeniør Birgitte M. W. Kjelsberg, tlf. 22 95 90 32
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
Styrtregn-varsel på høyeste nivå24.7.2025 12:32:36 CEST | Pressemelding
Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut, i samråd med NVE, et varsel om svært kraftig styrtregn på oransje nivå for store deler av Sør-Trøndelag, Vestlandet, Agder og vestlige deler av Telemark, Buskerud og Innlandet. Varselet gjelder torsdag 24. juli. Oransje er det høyeste varslingsnivået som kan føre til alvorlige lokale oversvømmelser, jord- og flomskred
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom