Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Åborselva kraftverk

Del
NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Åborselva kraftverk i Åborselva i Karlsøy kommune i Troms. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på omlag 4,2 GWh. Det svarar til straumbruken til 200 husstandar.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Åborselva kraftverk vil vere eit bidrag til ny produksjon av fornybar energi. Kraftverk vil og bidra til lokal verdiskaping.

Kraftverket er planlagt i Åborselva, med hovudinntak omlag ved kote 208 og kraftstasjon ved kote 5. Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen skal vere nedgraven heile vegen, og det vil ikkje bli anlagt permanent veg til anlegget.

Tiltaket vil ha negative verkingar for naturmiljøet og landskap, hovudsakeleg som følge av redusert vassføring og bygging av rørgate, inntaksdammane og midlertidig veg. Det er i liten grad registrert raudlista arter og naturtypar i området, og NVE har vurdert tiltaket til å medføre små negative ulemper for naturmiljøet.


NVE legg vekt på at alle tekniske installasjonar best mulig tilpassast landskapet. NVE har vidare lagt vekt at tiltaket i hovudsak er plassert i skogkledd terreng, og at naturleg revegetering vil minimere dei negative verknadene for landskapet. NVE har fastsett ei minstevassføring på 120 l/s i sommarsesongen og 30 l/s resten av året for å redusere negative verkingar for naturmiljøet, og for å ta vare på opplevinga av landskapet.


NVE føreset vidare at reinbeitedistriktet blir tatt med på råd i forkant og under en eventuell utbygging, slik at anleggsarbeidet kan tilpassast reindriftens arealbruk.

NVE vurderer at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Åborselva kraftverk på fastsette vilkår.


Les meir om Åborselva kraftverk.


Kontaktpersonar:
Overingeniør Hilde Aass, tlf 22 95 98 85
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye