Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Nevlandsheia vindkraftverk

10.12.2014 09:00:00 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Del
NVE gjev ikkje Zephyr AS løyve til å bygge Nevlandsheia vindkraftverk i Gjesdal kommune i Rogaland fordi ulempene ved prosjektet vurderast til å vere større enn fordelane.

Nevlandsheia vindkraftverk var planlagt med ein installert effekt på 19 MW. Kraftverket ville produsert omlag 50 GWh/år, tilsvarande straumforbruket til 2500 husstandar.

Etter NVE si vurdering har prosjektet klare ulemper knytt til landskap, friluftsliv, fugl og kringliggande bygningar. Planområdet ligg høgt, og vindkraftverket vil påverke landskapsverdiar i eit stort område. Kraftverket vil og dominere utsynet frå dei kringliggande bygningane. Tiltaket vil samstundes ha verknadar for friluftsliv, og auka aktivitet i området kan og gje negative verknadar for hubro.

Etter NVEs vurdering er ikkje fordelane ved prosjektet store nok til å vege opp for ulempene. I avslaget har NVE lagt vekt på at Nevlandsheia vindkraftverk vil bidra med relativt lite ny, fornybar kraftproduksjon, og at det kan auke sumverknadene av vindkraft i regionen. NVE legg og vekt på at Gjesdal kommune ikkje tilrår at prosjektet gis konsesjon.

Les meir om Nevlandsheia vindkraftverk.

Kontaktpersonar: 
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 22 95 90 88/416 78 203
Seksjonssjef Arne Olsen, tlf. 22 95 92 27/915 48 387

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye