Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Jutlaelvi kraftverk

Del
NVE avslår søknaden frå Småkraft AS om løyve til å byggje Jutlaelvi kraftverk i Jutlaelvi i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. NVE meiner dei positive konsekvensane for allmenne interesser ikkje veg opp for dei samla ulempene for landskap, natur- og kulturmiljø.

Kraftverket var planlagd med ein installert effekt på 6,2 MW og ein årleg produksjon på omlag 16 GWh. 

NVE meiner at bygging av Jutaelvi kraftverk vil føre med seg at fossen i Jutlaelvi får svært redusert verdi som eit viktig landskapselement. To naturtypar av høvesvis viktig og svært viktig verdi vil bli negativt påverka gjennom redusert vassføring og tekniske inngrep. Landskapet ved elva har stor kulturhistorisk verdi og er sårbart for dei tekniske inngrepa ei slik utbygging vil gi. NVE vurderer at Jutlaelvi kraftverk, sjølv med avbøtande tiltak, vil gje store negative konsekvensar for landskap, naturmiljø og kulturlandskap/kulturmiljø.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser, og gjev difor ikkje løyve til Jutlaelvi kraftverk.

Les meir om Jutlaelvi kraftverk

Kontaktpersonar:
Overingeniør Ingri Guren, tlf 22959159
Seksjonssjef Øystein Grundt, 22959389 / 90198216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye