Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE tilrår løyve til Nessane kraftverk

Del
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Nessakraft SUS løyve til å byggje Nessane kraftverk i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på 32,6 GWh, noko som svarer til straumbruken til 1600 husstandar.

Kraftverket vil ha inntak i Nessedalselvi nedom Nessadalsvatnet, og utløp i elva ovanfor Rv 55. Det vert sett krav om minstevassføring i Nessadalselvi, samt at det vert laga ei tilfredsstillande løysing for Nessane vassverk. NVE har lagt vekt på at Osen friluftsområde vert bevart slik det er i dag, samt at tilhøva på anadrom del av Nessadalselvi ikkje vert dårligare.

NVE vurderer at fordelane ved den nye fornybare kraftproduksjonen er større enn ulempene tiltaket fører med seg.

Les innstillinga til OED.

Kontaktpersonar:

Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 416 78 203

Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf. 908 50 206

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye