Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte om Buheii vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting i Kvinesdal og Sirdal

Del
NVE arrangerer offentleg møte om Buheii vinkraftverk mandag 1. desember kl. 1900 i kommunestyresalen i rådhuset i Sirdal kommune og tysdag 2. desember kl. 1900 på Kvinlog skule i Kvinesdal kommune.

NVE har motteke konsesjonssøknad med konsekvensutgreiing for Buheii vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting i kommunane Kvinesdal og Sirdal. Buheii Vindkraft AS planlegg å byggje og drive eit vindkraftverk i området Buheii og Grønheia i Kvinesdal kommune i Vest-Agder.

Anlegget er planlagt lokalisert ved Risnes og Netland nord i kommunen, rett vest for Vesterdalen med vassdraget Kvina og 10 km aust for Knaben. Planområdet utgjer omlag 7,6 km2. Vindkraftverket vert planlagd med 23 turbinar med en installert effekt på om lag 3,3 MW per turbin. Dette vil gje ein samla installert effekt på inntil 75,9 MW. Kraftproduksjonen er tenkt overført til framtidige Ertsmyra transformatorstasjon via ein 7,4 km lang 132 kV kraftleidning i Sirdal kommune. Buheii Vindkraft AS søkjer også om oreigningsløyve i medhald av oreigningslova for nødvendig grunn og rett til bygging og drift av dei spesifiserte anlegga.

På møtet vil tiltakshavar informere om prosjektet og NVE vil orientere om sakshandsaminga av søknaden. Søknaden er tilgjengeleg på NVEs nettstad, og er lagt ut til offentleg ettersyn i kommunane.

Fråsegn kan sendast til NVE:

Kontaktpersonar:
Overingeniør Hilde Aass på telefon 22 95 98 85 Seksjonssjef Arne Olsen, tlf.: 22 95 92 27 eller 915 48 387

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye