Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Øyfjellet vindkraftverk og avslag til Mosjøen vindkraftverk

13.11.2014 07:00:00 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Del
NVE gjev løyve til Øyfjellet vindkraftverk i Vefsn kommune i Nordland. Kraftverket vil gje om lag 1 TWh ny kraftproduksjon per år, noko som svarar til straumbruken til 50 000 husstandar. NVE gjev samstundes avslag til Mosjøen vindkraftverk i kommunane Vefsn og Grane i same fylke

NVE legg vekt på at det er gode vindforhold i planområdet for Øyfjellet vindkraftverk, der Eolus Vind Norge AS er tiltakshavar. Området er godt eigna for vindkraftproduksjon, og ei utbygginga vil vere et viktig bidrag til å oppfylle politiske mål om ny fornybar kraftproduksjon i Norge. I handsaminga av søknaden har NVE vurdert fordelane ved ny fornybar kraftproduksjon til å bli større enn ulempene tiltaket fører med seg.

Tiltaket kan medføre negative verknader for reindrift, landskap og friluftsliv i området, og vil også medføre ein reduksjon av inngrepsfrie naturområde. Samanlikna med andre store vindkraftverk er dei negative verknadane av Øyfjellet vindkraftverk likevel vurdert som relativt små. NVE har redusert den sørlige delen av planområdet på grunn av verknader for reindrift og friluftsliv, og har satt vilkår om at det ikkje skal byggast vindturbinar ved toppturmålet Stortuva.

Fred. Olsen Renewables AS er tiltakshavar for Mosjøen vindkraftverk. I avslaget har NVE lagt vekt på negative verknader for reindrift og friluftsliv. Planområdet er eit viktig område for Jillen-Njaarke reinbeitedistrikt, og vert mykje brukt til friluftsliv.

NVE har vurdert dei to vindkraftverka i samanheng, og har lagt vekt på sumverknader for reindrift og friluftsliv.

NVE registrerer at Vefsn kommune og Nordland fylkeskommune stiller seg positive til begge prosjekta, og at Grane kommune er positiv til Mosjøen vindkraftverk. Fylkesmannen i Nordland har fremja motsegn til begge vindkraftverka, og Sametinget har fremja motsegn til Øyfjellet vindkraftverk. Vedtaket om løyve til Øyfjellet vindkraftverk vil difor verte send til Olje- og energidepartementet for klagehandsaming etter at klagefristen har gått ut.

NVE har fastsett ei rekkje vilkår til konsesjonen for Øyfjellet vindkraftverk, som blant anna krav om tiltak knytt til friluftsliv, dokumentasjon på nettkapasitet, utarbeiding av miljø-, transport- og anleggsplan, tiltak knytt til reindrift i området, kartlegging av naturtyper, tiltak for å sikre omsynet til drikkevasskjelder og tiltak knytt til nedlegging av anlegget.

Les meir om Øyfjellet vindkraftverk

Les meir om Mosjøen vindkraftverk

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf 22 95 90 88
Rådgiver Erlend Bjerkestrand, tlf 22 95 92 98

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye