Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Ulsberg kraftverk

Del
NVE gjev Hardangeralliansen løyve til å byggje Ulsberg kraftverk i Ulvik herad i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 3,7 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 200 husstandar.

NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Ulsberg kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av fornybar energi.

Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom kote 311 og kote 267 i Espelandselva. Vassvegen skal følgje alternativ 2 i søknaden og vere nedgraven heile vegen. Røyrgatetraseen skal nyttast som midlertidig anleggsveg. I tillegg er det behov for  140 m ny veg som tilkomst til kraftstasjonen.

For å ta vare på verdiar knytt til opplevinga av Ulsbergfossen, og for å oppretthalde noko av den økologiske balansen i elva, er det krav om å sleppe ei minstevassføring på 300 l/s i sommarsesongen og 70 l/s resten av året.

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Ulsberg kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om Ulsberg kraftverk.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 90 19 82 16
Saksbehandlar Silje Aakre Solheim, tlf. 22 95 95 44/ 48 02 17 60

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye