Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Hjortedalselva kraftverk

Del
NVE gjev ikkje Henanger kraft løyve til å bygge Hjortedalselva kraftverk i Fusa kommune i Hordaland. Avslaget er grunngjeve med omsyn til naturverdiar og store landskapsinngrep.

Hjortedalselva kraftverk var planlagt med inntak i Hjortedalselva som renn gjennom Henangerskardet og ut i Henangervatnet. Kraftverket ville etter planen produsert omlag 5 GWh/år.

NVE meiner at fråføring av vatn frå bekkekløft og fossesprøytsone vil redusere verdien til naturtypane betrakteleg. I tillegg vil etablering av røyrgata i eit svært vanskeleg terreng gje store sår i landskapet.

NVE meiner at ulempene ikkje kan reduserast tilstrekkeleg gjennom avbøtande tiltak, og at ein relativt beskjeden kraftproduksjon gjer at ulempene ved dette prosjektet er større enn fordelane. NVE gjev på bakgrunn av dette ikkje løyve til Hjortedalselva kraftverk.

Les meir om Hjortedalselva kraftverk

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 15
Saksbehandlar Silje Aakre Solheim, tlf. 22 95 95 44

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye