Betre forsyningstryggleik i Midt-Noreg
NVE gjev Statnett SF løyve til å byggje om og drive den om lag 229 km lange 300 kV kraftleidningen Nedre Røssåga–Namsos til 420 kV. Om lag 14,5 km av leidningen vil byggjast ny mellom Nerfjellet og Sandådalen parallelt med Nordlandsbanen. Statnett får òg løyve til å byggje om dei eksisterande transformatorstasjonane Nedre Røssåga, Trofors og Tunnsjødal til 420 kV, og leggje til rette den om lag 35 km lange 300 kV leidningen Kolsvik–Namsskogan for 420 kV.
Tiltaka vil føre til betre forsyningstryggleik i Midt-Noreg, fjerne flaskehalsar i nettet, leggje til rette for ny fornybar energiproduksjon og lette vedlikehald og drift.
Ombygginga av leidningane til 420 kV spenning inneber at Statnett monterer 2-3 isolatorskåler på eksisterande master. Arbeida er for det meste gjennomført frå Nedre Røssåga til Tunnsjødal.
På strekninga mellom Nerfjellet og Sandådalen får Statnett løyve til å byggje ny 420 kV leidning som ein del av Nedre Røssåga–Namsos. Det nye leidningsstrekket vert lagd parallelt med eksisterande leidning inn til Namsskogan transformatorstasjon og Nordlandsbanen.
I tilknyting til leidningen vert det bygd ein permanent skogsveg på om lag 4,8 km frå eksisterande skogsveg sør for Steinåmøen til Bjørnstad. Den om lag 13 km lange eksisterande delstrekning mellom Nerfjellet og Sandådalen på leidningen Marka–Tunnsjødal vert riven.
På leidningen Kolsvik–Namsskogan får Statnett løyve til å erstatte dagens enkle line med en dobbel i eksisterande master på ein delstrekning. Statnett får og løyve til å utvide Nedre Røssåga og Tunnsjødal transformatorstasjonar og gjere endringar på innføringa av leidningane til Nedre Røssåga, Trofors, Tunnsjødal og Namsos transformatorstasjonar.
NVE meiner at tiltaka samla vil gje små verknader for allmennheita og naturmangfaldet.
NVE stiller krav om utarbeiding av ein miljø-, transport- og anleggsplan for å ivareta nærmiljø, naturmiljø og samfunnsinteresser særskild i anleggsfasen.
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør: Rune Flatby, tlf 41 67 82 03
Seksjonsleiar: Siv Sannem Inderberg tlf 90 19 30 08
Sakshandsamar: Solveig Willgohs, tlf 22 95 92 45
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE varsler flom og skredfare julaften og 1. juledag i nord23.12.2025 11:07:57 CET | Pressemelding
Mildvær, kraftig vind og svært mye nedbør på julaften og 1. juledag fører stor snøskredfare og fare for flom, jord- og sørpeskred. NVE har sendt ut flere naturfarevarsler for deler av Nordland og Troms.
Isforholdene i forkant av juleferien 2025 – Store variasjoner og stor fare for å gå gjennom isen i lavlandet i Sør-Norge19.12.2025 11:27:29 CET | Pressemelding
NVE Isvarslingen på Varsom.no melder at mange vann under 600-900 moh i Sør-Norge har kritisk svekket is. Det er stor fare for å gå igjennom isen, spesielt langs land og ved innløp, utløp og i trange sund. Årsaken er langvarig mildvær.
RME fatter vedtak i Freyr-saken19.12.2025 09:21:01 CET | Pressemelding
Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) har fattet vedtak om at Statnett kunne oppheve reservasjonen av kapasitet i transmisjonsnettet med virkning for Freyr Battery Norway AS.
NVE anbefaler konsesjon til Mauranger 2 og nye miljøkrav i Maurangervassdraga18.12.2025 12:00:00 CET | Pressemelding
NVE anbefaler at Statkraft får konsesjon til å bygge Mauranger 2 kraftverk med to nye pumper og fleire nye vassoverføringar. Utvidinga vil gi betydeleg auke i effekt og dermed bidra til meir fleksibilitet i kraftsystemet. NVE anbefaler også nye miljøkrav for heile reguleringa.
Ny rapport med forslag om hvordan sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen kan styrkes18.12.2025 09:41:34 CET | Pressemelding
På oppdrag fra NVE og Statnett, har FFI utarbeidet rapporten «Styrket sikkerhet og beredskap i kraftforsyningen – tiltak og prioriteringer». Rapporten gir et viktig grunnlag for videre arbeid med økt sikkerhet i norsk kraftforsyning.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
