Løyve til Brekkefossen kraftverk
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Brekkefossen kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar.
Brekkefossen kraftverk vil etter dei framlagte planane nytte ei fallhøgd på 89 meter i Storelva, med inntak på kote 333 og kraftstasjon på kote 244. Vatnet skal førast i røyr frå inntaket til kraftstasjonen, og vassrøyret skal ligge nedgrave på heile strekninga.
Brekkefossen Kraftverk AS har også tidlegare søkt om løyve til bygging av Brekkefossen kraftverk. NVE avslo då søknaden med den grunngjevinga at tiltaket ville vere i konflikt med vassdraget si verd som eit markert landskapselement i Vassdalen. I etterkant av vedtaket har Brekkefossen kraftverk AS sendt ein endra søknad der inntaket er flytt til kote 333, som er nedanfor dei mest konfliktfylte områda.
Etter NVE si vurdering vil ikkje ei utbygging der inntaket plasserast som det no er søkt om, føre til vesentlege ulemper for ålmenta. Samstundes vil tiltaket gje omlag 9 GWh/år i fornybar energiproduksjon. NVE har på bakgrunn av dette gjeve Brekkefossen kraftverk AS løyve til å byggje av Brekkefossen kraftverk på nærare fastsette vilkår.
Les meir om saka her.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22959389/90198216
Avdelingsingeniør Bjørnar H. Roalkvam, tlf. 22959471
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at kraftsituasjonen er innenfor det normale7.8.2025 12:33:23 CEST | Pressemelding
NVE forventer at det vil være tilstrekkelig tilgang på kraft gjennom vinteren. Den samlede magasinfyllingen i Norge er omtrent på normalt nivå. Kraftsituasjonen i Sørvest-Norge er også innenfor normalen, selv om magasinfyllingen er lav for årstiden.
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom