Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til ny jordkabel mellom Eidum og Øireina transformatorstasjonar

Del
NVE gjev NTE Nett AS løyve til å byggje og drive ein omlag 4,5 km lang 132 kV jordkabel mellom Eidum og Øireina transformatorstasjonar i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag.

NVE gav i 2012 NTE Nett løyve til å byggje og drive ein ny luftleidning på same strekninga, men etter ønskje frå grunneigarar søkte NTE Nett våren 2014 om å byggje leidningen som jordkabel i staden.

Den nye jordkabelen vil gå i tilnærma same trasé som opphaveleg luftleidning, men vil ut i frå Øireina transformatorstasjon følgje Kirkevegen og Hognesaunvegen fram til Hognesaugnvegen 98, og gå sør for garden Nordheim i staden for sør for garden.

Å byggje leidningen som jordkabel vil gje reduksjon i bandlagt areal, og lågare magnetfelt i området kring Sagatun barnehage. Tiltaket vil auke forsyningstryggleiken i Stjørdalsområdet, og legg til rette for å oppgradere heile nettet i området til 132 kV.


NVE meiner at endringane ikkje vil føre til særleg auka kostnadar samanlikna med luftleidning, samstundes som at det ut i frå tekniske årsaker er gunstig å byggje leidningen som jordkabel. NVE meiner at tiltaket vil gje små verknader for allmennheita og naturmangfaldet.


NVE stiller krav om utarbeiding av ein miljø-, transport- og anleggsplan for å ivareta nærmiljø, naturmiljø og samfunnsinteresser særskild i anleggsfasen.

Les meir om saka.

Kontaktperson:
Sakshandsamar Solveig Willgohs, 22 95 92 45

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye