Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Håkavika kraftverk

Del
NVE gjev Fjellkraft AS løyve til å bygge Håkavika kraftverk i Håkavikelva i Salangen kommune i Troms. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på omlag 4,5 GWh. Dette svarar til forbruket til omlag 200 husstandar.

NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Håkavika kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av meir fornybar energi.

Tiltaket vert planlagt i Håkavikelva, som inngår i Verneplan II for vassdrag. Urørd natur og landskapskvalitetane er vesentlege del av vernegrunnlaget. NVE meiner tiltaket slik det går fram av søknaden etter alternativ 1, i for stor grad vil gå ut over desse verneverdiane. Med bakgrunn i dette vel NVE å avslå søknaden etter alternativ 1.

Etter NVE si vurdering vil alternativ 2, med planlagd inntak omlag ved kote 220 og kraftstasjon ved kote 25, og under føresetnad om tilstrekkeleg minstevassføring og redusert slukeevne, ikkje påverke dei sentrale vernekriteriene for vassdraget negativt. Det alternativet vil såleis ikkje være i konflikt med vassressurslova. Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen skal vere nedgraven heile vegen.

NVE har fastsett ei minstevassføring på 200 l/s i sommarsesongen og 50 l/s resten av året for å redusere negative verkingar for naturmiljøet, og for å ta vare på opplevinga av landskapet. For å ta vare på vassdragets naturlege vassføringsdynamikk, har NVE vurdert det som naudsynt å redusere den maksimale slukeevna til 50 prosent av middelvassføringa..

NVE vurderer at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Håkavika kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om Håkavika kraftverk

Kontaktpersonar:
Overingeniør Hilde Aass, tlf. 22 95 98 85
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 90 19 82 16

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye