NVE tilrår konsesjon til Nedre Otta kraftverk
25.6.2014 09:00:00 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Nedre Otta kraftverk skal nytte fallet i Ottaelva frå eksisterande dam i Eidefossen og vil ha konsekvensar for ei strekke på omlag 10 km. Kraftverket skal knytast til nettet med ein 12 km lang 132 kV kraftleidning til den konsesjonsgjeve kraftleidningen Rosten-Vågåmo.
Dei negative verknadane er i hovudsak knyta til det samanhengande vassdragsmiljøet i Otta-/Lågensystemet, langtvandrande bestandar av harr og aure, og elvesportaktivitetar som rafting og padling.
NVE har gjort ei heilskapleg vurdering av planane, konsekvensutgreiingane og høyringsfråsegnene. NVE rår til eit minstevassføringsregime som skal sikre tilstrekkeleg vassføring sommar og vinter av omsyn til fisk og andre levande organismar i vatnet. Av omsyn til elvesportaktivitetar i Otta, tilrår NVE ekstra slepp av vatn to dagar i uka på sommaren. NVE rår vidare til at utløpet frå kraftverket vert flytta ovafor Grindhølen av omsyn til fisk og elvesportaktivitetar.
NVE tilrår at det gis løyve til å rive den eksisterande 66 kV leidningen mellom Vågåmo og Tolstadåsen, slik at ny 132 kV leidning kan nytta eksisterande trasé. Det inneber at det må installerast ein 66/132 kV transformator i Nedre Otta kraftverk og bygging av omlag 3,5 km ny 66 kV leidning frå kraftverket til Tolstadåsen. NVE meiner riving av 66 kV leidningen er viktig for å minske verknadene for landskap og lokalmiljø.
Etter ei samla vurdering meiner NVE at nytten av tiltaket er større enn ulempene. Det er lagt vekt på at Nedre Otta kraftverk med avbøtande tiltak som foreslått, vil gi ein årleg produksjon på omlag 297 GWh. NVE meiner at kraftproduksjonen veg opp dei negative konsekvensane tiltaket vil medføre.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.
Les meir om tilråding om Nedre Otta kraftverk og nettilknyting på NVE si nettstad.
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby tlf 416 78 203
Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf 908 50206
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Kraftsystemet i 2025: Store endringer gir bedre utnyttelse av nettet, men høyere kostnader21.5.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
I 2025 var kraftsystemet preget av omfattende endringer i både markeds- og driftsløsninger. Det har gitt bedre balanse og frekvenskvalitet, men også økte systemdriftskostnader.
Svært lite snø på breene i Sør-Norge – bresprekker blir farligere20.5.2026 09:53:15 CEST | Pressemelding
NVEs målinger viser at det er svært lite snø på breene i Sør-Norge i år. Dette, kombinert med varmt vær, gjør at snøbroene som ligger over bresprekker blir svekket. NVE ber alle som planlegger å gå på breer framover være varsomme og vise stor aktsomhet.
NVE forventer redusert kraftoverskudd, stor usikkerhet om datasentre19.5.2026 09:30:00 CEST | Pressemelding
Norge hadde rekordhøy kraftproduksjon og et historisk høyt kraftoverskudd i 2025. Likevel peker utviklingen mot en strammere kraftbalanse de neste årene. En viktig årsak er den forventede veksten i antallet datasentre.
Mjøndalen er bedre sikret mot flom og kvikkleireskred13.5.2026 10:09:05 CEST | Pressemelding
Etter flere år med arbeid er et av Norges største flomsikringsprosjekter nå ferdigstilt. Rundt 1300 innbyggere i Mjøndalen er bedre beskyttet mot flom, og samtidig er risikoen for kvikkleireskred redusert.
Fagne får løyve til å bygge ei ny kraftleidning frå Fitjar til Tysnes13.5.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
NVE gjev nettselskapet Fagne løyve til å bygge ny kraftleidning mellom Midtfjellet transformatorstasjon i Fitjar kommune og Søreid i Tysnes kommune. Det skal og byggast ein ny transformatorstasjon på Tjøreneset i Tysnes. Dei nye anlegga vil avlaste Stord transmisjonsnettstasjon og gje eit sterkare regionalnett i Sunnhordaland.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
