Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Breivikelva kraftverk

Del
NVE gjev Nord-Norsk Småkraft AS løyve til å bygge Breivikelva kraftverk i Beiarn kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på i overkant av 27 GWh, noko som svarar til straumforbruket til 1360 husstandar.

NVE gjev løyve til bygging av Breivikelva kraftverk etter eit revidert søknadsalternativ. Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom kote 300 og kote 20 i Breivikelva. Vassvegen frå inntak til kraftstasjonen skal vere nedgraven heile vegen.

NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Breivikelva kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av meir fornybar energi.

For å ta vare på naturverdiar og oppretthalde noko av den økologiske balansen knytt til elva, er det sett krav om å sleppe ei minstevassføring på 360 l/s i sommarsesongen og 50 l/s resten av året i Breivikelva. Dette er også eit viktig avbøtande tiltak for å ivareta Storforsen som landskapselement. Det skal leggast særleg vekt på omsynet til reindriften ved at skogsvegen langs rørtraseen skal haldast stengt med bom når rein beiter eller flyttast i området.

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Breivikelva kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om Breivikelva kraftverk.

Kontaktpersonar:
Seniorrådgjevar Erik Roland, tlf. 22 95 90 24
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye