Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Tre løyve og tre avslag til småkraftverk på Hinnøya

Del
NVE har handsama seks søknadar om bygging av småkraftverk på Hinnøya, og gjev løyve til å bygge Lysåelva, Våtvoll og Moelv kraftverk i Kvæfjord kommune i Troms. NVE gjev ikkje løyve til å bygge Dalelva kraftverk i Tjeldsund kommune og Vasskruna og Kobbedalselva kraftverk i Lødingen kommune i Nordland.

NVE har handsama dei seks søknadane saman for å gjere ei heilskapleg vurdering av konsekvensar dersom alle kraftverka vert bygd. Reindrift, landskap og friluftsliv i området  har vore sentrale tema i NVE si vurdering. Det er lagt vekt på å få fram prosjekta som har minst konflikt med allmenne interesser, og som samstundes vil bidra til ny fornybar energiproduksjon.

Dei tre kraftverka som får konsesjon vil til saman få ein årleg produksjon på i gjennomsnitt 18 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 900 husstandar. NVE har sett på miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta for å redusere konfliktane med allmenne interesser.

For nærare grunngjeving, sjå omtale av dei einskilde sakane:

Lysåelva kraftverk

Våtvoll kraftverk

Moelv kraftverk

Dalelva kraftverk

Vasskruna kraftverk

Kobbedalselva kraftverk

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216
Rådgivar Kirsten Marthinsen, tlf. 22 95 92 34

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye